White Urine - Hillbilly Heroin

2026 startar med eit skurrete, spennande pang. White Urine (Kristopher Schau og Stefan Höglin frå The Dogs) er tilbake med album nummer 4 i rekka - Hillbilly Heroin. Stefan speler trommer og Kristopher syng og riffer. Kristopher sjølv seier at alt utanom siste låt er spelt inn på gården til Mads - også frå The Dogs.

Eg skriv ikkje omtalar så ofte lengre, men denne plata var hakket for spennande til å la gå uskreve. Her er det mykje å ta tak i! Først og fremst; Hillbilly Heroin diskar altså opp med heile 16 låter. Nokre er korte, nokre meir “fullverdige” i lengde. Siste låt er spelt inn live utanfor Kiwi i Brugata - “Love Says Nothing”.

Fellesnemnaren i Hillbilly Heroin meiner eg er skurrete gitarar, informativ lyrikk som får meg til å tenkje gjennom både stort og smått og ein miks av knallgode låter med ein meir sårbar og usminka Kristopher enn vanleg - hvertfall etter min meining. Ikkje at Mr. Schau har pynta på vokalen sin før altså, men du fattar? Til tider både nedstrippa, sårt og kjensleladd.

I denne omtalen velg eg å ta fram nokre soleklare favorittar. Ikkje alle låtane treff like bra, men her finn du nokre botnsolide bængers som fester seg i både marg, bein, hjernebark og dansefot.

“This Will Forever Be a Bad Time” er altså så nedpå, skurrete og i samme tempo, men likevel panisk og full av ei håplaus lignande kjensle. Tittelen i seg sjølv seier jo sitt - dette er ikkje rein lykke. Men låta er råbra og eg har høyrt den opp og ned i mente siden promoen dukka opp i mailen. “I Contaminate” er røff, tøff og fleire hakk hardare. Dette tek meg tilbake til øvingslokalet med bandet mitt Vargtass når eg var ungdom. Enkelt og pønkete, men ah så gøy! “Time Is a Scam” - Altså! Her manglar berre Kristopher Schau The Dogs-skjorta og snippen, ein sånn gammal prestehatt og ein preikestol. Still han foran ein forsamling og la mannen forkynne! Blir ikkje meir sexy enn dette.

Eg har berre dette å seie om “It Freaks Me Out”; Iggy!! IGGY And The Stoooooges! Om dette er skamlaust eller ikkje bryr eg meg ikkje om - det er ei ekte kul låt.

“Almost Not Broken” kan vel seiast å være den mest fengande låta på plata - og mest upbeat, eller? Igjen - tittelen er ikkje gjennomsyra positiv, men teksten er tankevekkande! Får også litt tidlig Dinosaur Jr av gitaren i starten der, og det er jo aldri feil.

Gøy at heile kalaset avsluttast utanfor Brugata. Lengste låta, men også den mørkaste og meir stemningsfulle.

Takk til White Urine for ei spennande musikalsk reise no så tidlig på nyåret! Eg gleder meg til å få meir på TÆPS i april!

Patrick Fardal