Pål Gauslaa Sivertzen - Jingles, Orbiter, Swamp Things og bandversjonen av nettdating

God laurdag alle lesarar og lyttarar! No er det aller aller første påddkast-intervjuet ute! Kjekt å starta denne epoken med ein skikkeleg hyggeleg fyr, Pål, som hadde mykje bra å koma med under intervjuet. Sidan me ikkje tør å spele av låtar i sendingane heilt endå, kan det lønna seg å høyre godt etter på det han tipsar deg om, så du kan sjekke det ut etterpå. I tillegg har han diska opp med ei råbra speleliste du kan sjekke ut! Den finn du under podcasten. 

Heilt i slutten av sendinga får du også høyre ein rykande fersk jingle, som er meir avslappande enn dei andre. Perfekt med ein kaffikopp på ein laurdag, ikkje sant? Set av 20 minutt og kos deg då, det fortjener du!

Tusen takk igjen til Jon Roger Nilsen frå Jellyfish Audio som atter ein gong har gjort ein knalljobb med lyden! Sjekk han ut. Bra fyr og gode skills!