Evig Lyttar

  • Framside
  • Melding
    • Platemelding
    • Konsertmelding
  • Intervju
  • Premiere
    • Låt
    • Musikkvideo
  • Samla drops
    • Leiaren
    • Gjesten
    • Turdagbok
    • Bangers med bodskap
    • Anbefalingar
    • Årets beste
  • Arkiv
  • Søk
  • Om Evig Lyttar
    • Om Oss
    • Patrick (Sjef)
    • Sondre (Skribent)
    • Jarand (Skribent)
    • Marius H.D. Salvesen (Skribent)
    • Åsmund (Skribent)
    • Pernille (Skribent)
    • Preben (Skribent)
    • Live (Skribent)

22 - You Are Creating:Limb1

March 24, 2017 by Jarand Aga Baas in Framside, Platemeldingar

Plata tek av som ein rakett med ein energisk åpnar. Trommearbeidet er av ei anna verd, punchy og synkronisert. Samstundes smelter dei perkussive basslinjene fint saman med trommene og dannar mykje av grunnlaget for låtane. Dei fleste låtane er også gjennomsyra av effekter og deilige raritetar som er midt i blinken for musikknerdar som undertegnede.

Å setje 22 i ein bås er egentlig nyttelaust. Med eit såpass samansatt og evig dynamisk lydbilete er det vanskelig å setje eit namn på stilen deira. Det Trondheimsbaserte bandet har utvikla eit særegent uttrykk som hovudsakleg dreier seg om eksplosiv støyrock, melankolske akkordprogresjonar, frekke synkoper og skeive taktar samt oppslukande lys vokal. Det burde vel dekke det meste.

I mi meining når plata sin spaningskurve rundt midten. Den Muse-aktige «Staying Embodied» glir naturleg over i «A Mutation Of Thrushes» og ender opp i det herlige, kaotiske mylderet på «Adam Kadmon Body Mass Index». Det er mange feite augneblink på denne skiva men avslutninga på sistnevnte låt tek kaka. Eg vert berre nødt til å trekke på smilebåndet.

Mot slutten kjem «You Are Creating» som er sjølve essensen av heile plata. Låta i seg sjølv er ganske streit i kontrast til resten, men bærer mykje av bodskapen 22 vil formidle. I korte trekk går konseptet ut på at lyttaren og musikaren skapar musikken saman. Dette er jo diskutabelt men absolutt eit kult grunnlag for plata. 22 rundar av med den avslappande instrumentalen «Node1».

I sin heilhet er albumet ei dynamisk fargerik reise som ikkje sluttar å overraske. Bandet har levert eit fyrverkeri av ei plate som absolutt burde høyrast.

Til slutt vil eg nemne at om du får sjansen til å sjå dei live, vil eg råde deg til det. Eg var så heldig å få sjå dei sist veke og den energien var heilt sinnsjuk. Deilig? Meget deilig.

4,5/5 TRYNER!

12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
12092698_10153536629786357_1268152045_n.jpg
15049746_10153856810146695_1928750761_n.jpg

-Jarand Aga Baas

March 24, 2017 /Jarand Aga Baas
22, You Are Creating:Limb1, Evig Lyttar, Norsk Musikk
Framside, Platemeldingar
  • Newer
  • Older

Nyhendebrev

Registrer e-postadressa di for å motta nyhendebrev frå Evig Lyttar!

© 2019 Evig Lyttar All Rights Reserved

Hjarteleg takk!