Heave Blood and Die / Dangerface på Checkpoint Charlie 29.09.18
Dette har eg venta lenge på, altså. Eg hugsar at eg fekk den første fullengdaren til Heave Blood and Die på mail for nokre år sidan - berre namnet på bandet åleine er jo nok til å senda slike som meg rett til himmels. "Så, kven skal du sjå i kveld då? Nei eg tenkte eg skulle sjå dei der Harka Blod og Dø!” Eg er heilt ærleg når eg seier at debuten ikkje var det aller feitaste eg hadde høyrt då, men når EP-ane Part 1: Daggers og Part 2: Flowers kom ut visste eg at dette hadde utvikla seg til noko heilt unikt. Synth, seige riff, djup bass, raspete vokal og knallfeite trommer. Kva meir treng du? Ingenting, faktisk. Me må ikkje gløyma folketonane heller, det har dei jaggu også. Det einaste eg mangla var å få sett dette orkesteret live for å verkeleg kunne dømma skikkeleg.
Men først ut var dei lokale heltane i Dangerface. Ikkje berre hadde dei ei ny låt frå den komande debutplata i starten av settet sitt, men dei stilte også med ein rykande fersk bassist i form av Christian Monsen. Bandet såg ut til å kosa seg på scena og alt sat som støypt. Vokalist Michael Myklebust blir berre meir energisk med tida, og det er ikkje noko nytt at han alltid tek seg heilt ut. Det er ein fryd å sjå dette bandet live, og eg gledar meg allereie til neste gong!
7/10
Så kom me til kveldens høgdepunkt. Som sagt visste eg frå før kor feite desse var på plate, men eg har jo høyrt rykter om kor sjukt mykje betre det er live, det har jo søren meg gått gjetord om desse nordlendingane rundt om i landet. Så, forventningane mine var naturleg nok høge. Eg såg vel eigentleg føre meg ein vegg av synth og seige gitarar som skulle halda meg fastlåst på golvet gjennom heile konserten. Veit du kva eg fekk? Akkurat det! Det er ikkje mange tilreisande band som klarar å halda slik på eit Checkpoint-publikum med mindre dei er Kvelertak eller Zugly. Av mindre, meir ukjente undergrunnsband har eg til no sett ungfolane i Golden Core målbinda publikum på den måten Heave Blood and Die klarte i går. Det er så deilig å sjå at folk oppdagar eit nytt band slik som dette - eg opplevde jo det same med Hexis kvelden før! Men uansett. Denne konserten ga meg gåsehud av aller beste sort. Eg må også berre trekke fram låta “Harakiri” som ein favoritt - den miksen av blytunge bassriff, gitarar og den deilige synthen er som den cocktailen du berre vil ha igjen og igjen! Eit anna pluss var vokalen til Mads Ystmark - ein skulle ikkje tru at ein fyr som ser så snill ut har det der i seg. Ulv i fåreklær, folkens! Pass dykk. Det må også seiast at det var ein fryd å sjå synthen bli handtert på den måten av Marie Sofie Mikkelsen. Ho koste seg knall på scena, og det smitta over på meg så til dei grader. Det er så kjekt å sjå eit band som berre lever seg heilt inn i sin eigen verden, for då blir musikken alltid så intenst mykje betre!
Litt dårleg lyd på Karl Løftingsmo Pedersen sin vokal til tider, men ellers har eg ingenting å utsette.
Tusen takk folkens!
9/10
Patrick Fardal