Leiaren - Hyllest til den norske undergrunnen

31754628_1640937065982574_4174372534248013824_n.jpg

I det siste har fingrane mine klødd litt etter å skriva meir. Difor har eg bestemt meg for å starta opp med ein ny artikkelserie - såkalla ”leiarar”. Desse blir korte og konsise, og kjem til å ta føre seg mykje rart som tek opp kapasitet i det tjukke hovudet mitt.

Eg ser føre meg at 2019 blir eit bra år for musikk-Noreg, ikkje berre i mainstreamuniverset men også i undergrunnen. Difor er det naturleg at eg startar denne serien med ein liten hyllest til den scena som gjer at Evig Lyttar framleis eksisterer – nemleg norsk undergrunn. Denne leiaren kan bli eit godt stykke lengre enn dei i framtida, men sånn er det berre.

Mange av dei banda me skriv om her på Evig Lyttar når aldri heilt til topps. Likevel kjempar dei hardare, turnerer oftare, skriv fleire låtar og speler så fingrane blør

Anar du kor mykje det krev av eit band å koma seg opp og fram i dagens musikkverd? Mange av banda me skriv om her på Evig Lyttar når aldri heilt til topps. Likevel kjempar dei hardare, turnerer oftare, skriv fleire låtar og speler så fingrane blør. Folk betalar frå eiga lomme for å få plata si ut der, enten det er fysisk eller digitalt. Folk som meir enn noko anna berre vil uttrykke seg på den måten dei kan best - å spele musikk. Anar du kor mykje det krever å vere eit band? Jadå, det er dødskjekt å henga med kompisar og turnere rundt, men anar du kor mykje som må klaffa? Anar du kor mange sterke personlegheiter som må bli einige? Utruleg mange, skal eg sei deg. Anar du kor mange problem som kan oppstå for desse banda, som ofte ikkje har eit heilproft management i ryggen? Altfor mange. Likevel riv og slit desse heltane seg vidare på vegen til neste konsert, neste plateinnspeling.

Alle desse fantastiske folka veit korleis det er å reise rundt og sove på golv. Mange har også sove i bilane sine, på fortauet, i garasjar.

I mine år som sjølverklært musikkjournalist har eg møtt uhorveleg mange band, og det er ein ting alle desse har til felles; Lidenskap. Sterkare lidenskap enn nokon andre eg veit om. For ting er faen ikkje lett når ein er eit band frå undergrunnen - konsertar, prisar og lønn kjem ikkje servert på gullfat. Ikkje mange av desse får pengar kasta etter seg! Men likevel held dei på, og dei fleste smiler mens dei gjer det. “Jadå, null stress det, eg kan godt sova på golvet. Har med meg sovepose”. Alle desse fantastiske folka veit korleis det er å reise rundt og sove på golv. Mange har også sove i bilane sine, på fortauet, i garasjar. Anar du kor røft ting kan vere? Merch har blitt stjåle, instrument og utstyr har blitt teke rett frå bagasjerommet. Likevel fiksar dei det. Børstar av seg støvet og frustrasjonen og går vidare til neste gig, neste plate, neste innspeling, som dei ofte betalar sjølv.

Men det som har blitt klinkande klart for meg er at folk i undergrunnen tek vare på kvarandre. Dei støttar kvarandre opp. Pusher kvarandre. Anar du kor inspirerande det er?

I tillegg til lidenskap finst det eit samhald eg ikkje visste kunne eksistere. Eit sterkt band som er der kun fordi folk kjenner igjen sin eigen lidenskap i andre som driv med det same. Det er ikkje så mykje konkurranse i undergrunnen. I allefall ikkje ondsinna konkurranse. Sjølvsagt skal den eine trommisen slå hardare enn den andre. Nokon skal alltid spele kjappare, bedre. Den eine vokalisten skal skrika høgare enn den som stod på scena først. Dette kallast sunn konkurranse. Men det som har blitt klinkande klart for meg er at folk i undergrunnen tek vare på kvarandre. Dei støttar kvarandre opp. Pusher kvarandre. Anar du kor inspirerande det er? Anar du kor godt det er å oppleva?

Folk spør meg ofte kvifor eg driv på med dette Evig Lyttar-greiene. “Kor mykje peng får du eigentleg ut av dette?” er eit av dei vanlegaste spørsmåla.“Har det noko for seg eigentleg?” er eit anna. Eg pleier alltid svara at det ikkje er utenkeleg at eg ein eller anna gong i framtida kan betala litt til både den fantastiske redaksjonen min og meg sjølv. Men det er såvisst ikkje eit hovudmål. Veit du kvifor? Jo, fordi eg elsker dette. Det har ingenting med pengar å gjere. Det har ingenting med såkalla “fame and fortune” å gjere. Joda, det er kult at folk veit kven eg er, men det er mest sannsynleg berre fordi eg har brukt trynet mitt så mange gonger at eg må jo bli gjenkjent av nokon.

Eg kjem ikkje til å nevna nokon band med navn her, for dei veit kven dei er. Men ein ting kan eg sei. Tusen, tusen takk for at de eksisterer. Tusen takk for at de lagar den musikken de gjer - utan den veit eg ikkje heilt kor eg hadde vore. De lagar musikken for oss som ikkje heilt klarar å seie oss nøgde med “mainstreamen”. De lagar musikk med meining, for oss, dei rare sjelane der ute som trenger det lille ekstra for å skikkeleg kunne føla det me høyrer på. For oss som må ha meir enn det mannen/dama i gata treng. Tusen takk.

Eg hadde gitt meg med Evig Lyttar for lenge sidan om det ikkje hadde vore for dykk.

Patrick Fardal