Det beste frå 2019 - Marius

Me køyrer på vidare! Her er lista til mailansvarleg Marius

475B4598-725C-4B53-9739-0FFF6CEA7C41.jpeg

TOPP 20 NORSKE

1) Djevel - Ormer til Armer, Maane til Hode «Norsk melodiøs nekro black metal med feeling. Beste norske og dermed verdens beste black metal-skiva på mange år.» Sitatet kjem frå Djevel-sjef Trånn Ciekals i eit Pyro-intervju i 2011, men det kunne like gjerne vore skreve med omsyn til årets plate. 

2) Dangerface - Get Loud!

Farlegfjes, bli høglydt! Nei, nokre ting er tvillaust betre på engelsk, og omsetjinga mi yter slett ikkje plata rettferd, for her kjem eit så potent musikalsk rumpespark at atomrakettar blir desarmert undervegs og Millwall-fansen springer heimatt til bestao.

3) The Dogs - Before Brutality

At tredjeplassen hjå meg i 2019 er The Dogs’ tredje beste plate samla sett (etter Swamp Gospel Promises og The Grief Manual) seier vel eigentleg mest om kor solid dette orkesteret leverer. Og det er ikkje lenge att til fyrste måndag i 2020.

4) Golden Core - Fimbultýr

Nordisk stoner doom er jo heilt på sin plass, for ved grundigare ettertanke bur me jo i eit veldig, seigt, langsamt, tungt og skoddete landskap. Med Fimbultýr opnar Golden Core soleis eit vel så relevant vindauge til nord-Skandinavia som alle svartmetallarane, og plata er heilt enkelt strålande.  

5) Borknagar - True North

Mogleg bestenotering frå progressive veteranar, og einkvar musikkinteressert lesar med respekt for seg sjølv treng ikkje meir info enn det.  

6) Agenda - Apocalyptic Wasteland Blues

Dödsrit sendte meg surfande på ein skikkeleg crust-bølge i fjor, så når Agenda no blander det med hardcore i eit rasande lydspor til avgrunnen er det berre å klaske plata høgt opp på favorittlista. 

7) Mork - Det Svarte Juv

Bekmørk, kreativ og variert album med klassisk lo-fi svartmetall som dreg deg langsamt, men steinsikkert ned i avgrunnen.  

8) Leprous - Pitfalls

Dersom dette hadde vore ein klikkagn-finansiert redaksjon hadde overskrifta truleg vore «Nordmenn flest anar ikkje kor bra Leprous eigentleg er».

9) Drottnar - Monolith 

Evig Lyttars eigen Lord Liste (aka Sondre) aksepterer Monolith som eit album, og glad er eg for det, for frisk og teknisk svartmetall av Drottnars kaliber fortener plass nummer ni utan ytterlegare formalitetar. 

10) Me And You Va-Va-Voom - The Perfect Slot

Idiotfestleg punkeplate frå Høyanger om norsk skikultur, og plata er så kort at nemnde listesjef Sondre vart meir irritert enn ein gjennomsnittleg bidragsytar i VGs kommentarfelt. Det gir sjølvsagt bonuspoeng.

11) Abbath - Outstrider

At Immortal hamna på fjorårslista og Team Olve hamnar her i år er noko eg lever usedvanleg godt med, så no kryssar me fingrane for at Abbath sjølv får skuta på rett kjøl og me får sjå den musikalske oskoreia hans i full galopp også i 2020. 

12) Mayhem - Daemon

Kongerikets mest kjende mørkemusikarar har vore toneangjevande i over tre tiår, og maestervaerket Daemon stadfestar den stoda. 

13) Kampfar - Ofidians Manifest

Omkvedet på «Tornekratt» (frå 2015) er ein heit kandidat til verdas råaste norskspråklege refreng, og i tråd med den låta syner Ofidians Manifest kva Kampfar får til når dei leverer på sitt beintøffaste. 

14) Spidergawd - V

Etter fem knallsterke album på seks år har Spidergawd no blitt teke opp i nynorsk ordliste som eit fullblods musikalsk synonym for kvalitet, rock og rett bruk av saksofon. 

15) Sâver - They Came with Sunlight

Tungt og kanskje ein smule utilgjengeleg for nybyrjarar, men vyrde lyttarar som les dette kjem sjølvsagt ikkje i den kategorien. Gi plata tre forsøk og sjå om ikkje du òg ser solskinet i mørkemusikken.

16) Astrosaur - Obscuroscope

Astrosaur og Aiming For Enrike har vel duopol på vokallaus musikk i Noreg om dagen (med Grant The Sun som triopolkandidat), og Obscuroscope gjer at eg framleis trer Astrosaur-capsen min på hovudet med glede. Musikken er kanon og med både Gagarin- og fjellkjedereferansane på plass er eg tematisk sett solgt. 

17) Nord Mot Nord - Nordlengselstyranniet

Årets etternølar, som truleg hadde hamna lenger opp om eg hatt hatt meir ro og tid til å fordøye kor feit plata er. Men deadline er deadline, især i den nådelause listeverda (venleg helsing Darth Sondre). Nord mot Nord leverer utan tvil årets platetittel, og hardcore med alt frå blåse- og strykeinstrument til prominente gjestemusikarar fyk sjølvsagt beint inn på lista mi. 

18) Nifrost - Blykrone

Eg er samd i kva redaksjonsmedlem Eirik skreiv: Ivar Aasen headbanger truleg i grava. Og ikkje berre det, eg er sikker på at alle som bur aust for Vassenden mosher kring julegrana i år medan Nikolai Astrups gjenferd vakner på nyårsdagen for å bli blykrona til Evig Herskar av Jølster. Alt, sjølvsagt, medan Nifrost ljomar fjellimellom og innbyggjarane mobiliserer i Stardalen for å gå til krig mot Byrkjelo og Førde som naturleg fyrste ledd i kampen mot nye Sunnfjord kommune. 

19) SIBIIR - Ropes

Solid andreplate. SIIBIIRs posisjon som eit relevant og steinfeitt band er ikkje oppe til diskusjon, og det er eit band eg kjem til å halde auge med i neste tiår. Gjer det same!    

20) Darkthrone - Old Star

Gamle stjerner falmar ikkje, især ikkje om dei heiter noko i retning av Gylve, Grutle, Olve, Ivar eller Jørn. Old Star syner meir sjangerfridom og sjølvsikkerheit enn om lag all anna musikk her på lista, og varierte spor med nydelege låtnamn som «Hardship of the Scots», «Alp Man» og «Duke of Gloat» gjer plassen her vel fortent. 

Topp 20 INTERNASJONALE

1) Rammstein - s/t

Det blir ikkje større, men kan det bli betre? Det trur eg neiggu ikkje. Eit makalaust album, spekka med samfunnsmedvit, kritikk, humor og ekstremt catchy låter, fulgt opp av eit makalaust liveshow på Ullevaal, spekka med pyro, pyro, barnevogn og pyro. Alle oss som lever på same tid som Rammstein har vunne i lotto, og 2019 er året dette tyske metalfenomenet ga oss moglegheit til å cashe inn ein solid del av gevinsten. 

2) Orm - Ir

Svartmetall av gjævaste slag frå klippeøya Bornholm, krydra med eksplisitte referansar til Ennio Morricone, maning til standhaftigheit i møte med dårlegdom og ikkje minst ekstremt solide musikarar. Nei, med denne tospors-skiva i handa er det ikkje utenkjeleg at neste sommarferie må brukast til å utforska Orms heimøy.

3) Mgła – Age Of Excuse

I fall du lever i misoppfatninga om at det einaste Polen har å by på er Behemoth, spa i Sopot og verdsrekord i nasjonaluflaks, så tek du sanneleg min kapelusz feil. For Mgła produserer svartmetallen du ikkje visste du trengte, og årets plate er heilt rå. 

4) Slipknot - We Are Not Your Kind

Jo, ja og jau, sjølvsagt er det litt nostalgi som gjer at knutekaradn frå Iowa kjem så høgt opp. Men samstundes er dette etter mi meining den beste plata deira sidan Vol. 3, med brei variasjon, allsongpotensial og circlepit frå Drangedal til Des Moines. 

5) The HU - The Gereg

Nei, The HU er korkje det fyrste, hårdaste, mest kreative eller mest progressive bandet som slår i hop mongolsk folkemusikk og metal. Dette veit eg faktisk litt om, for eg har vore på internasjonal metalfestival i Ulaanbaatar og blitt sparka i rumpa av mongolske nynazistmiljøvernarar. Så kvifor er The Gereg på lista? Fordi plata får rockefoten til å gå amok og trigger draumen om å atter ein gong ri over dei mongolske steppene og drikke velkomstairag i framandfolks telt. Eller, nei, ikkje airag, dropp det, for fermentert hestemjølk smakar grueleg. 

6) Kadavar - For the Dead Travel Fast

7) Sinmara - Hvísl Stjarnanna

8) Baroness - Grey and Gold

9) M:40 - Arvsynd

10) Crypt Sermon - The Ruins of Fading Light

11) Halshug - Drøm

12) Batushka (Krzysztof Drabikowski) - Панихида 

13) Obsequiae - The Palms of Sorrowed Kings

14) Martyrdöd - Hexhammaren

15) Rotting Christ - The Heretics 

16) Baest - Venenum  

17) Creeping Death - Wretched Illusions

18) Soilwork - Verkligheten

19) Danko Jones - A Rock Supreme

20) Amon Amarth - Berserker

-Marius H.D. Salvesen-