Leiaren: Kjemp for kulturlivet vårt!

20200224_131613.jpg

Kjære alle lesarar. Det er rart å vakna opp om dagen. Eit splitt sekund hugsar eg ikkje kva som har skjedd, og kva som skjer rundt meg. Når det går opp for meg får eg ein klump i magen. Dagen i dag og dagane framover vil by på utfordringar for oss alle, og det krev alle mann på dekk for å ordna opp i dette kaoset. Eg ser på det som naudsynleg å skriva eit lite innlegg i dag, om så berre for å få ut litt greier for min eigen del. Les det om du vil, del det om du er einig i det som står.

Massemedia har i det siste teke heilt av med ein overlessing av informasjon, så eg skal ikkje gå i detaljar her, og eg kjem ikkje til å skriva om pandemien her. Alle veit kva som skjer og kva dei må og bør gjere i dagens unntakstilstand. Vask hendene, hald deg heime og ta vare på deg sjølv og kvarandre.

Det er ein ting som brenn inne hjå meg og mange, mange andre. Kulturlivet vårt er i fare. Aldri har me opplevd dette før. Konsertplassar stenger ned, band, artistar og andre viktige menneske i bransjen mistar inntekta. Lydfolk, lysfolk, og alle som har noko med det tekniske som legg grunnlaget for alle konsertar får ikkje betalt. Alt er avlyst eller utsett. Heile situasjonen er både skummel og usikker for dei fleste i kulturbransjen no. Eg kunne ha ramsa opp alle jobbar det rammar, men eg held fokus på dei gruppene nemnt ovanfor her i akkurat denne artikkelen.

No er det viktig at me mobiliserar oss, kjære lesarar. Me må tenkja litt langt fram i tid - til ei tid der pandemien er over og me kan gå litt tilbake til normalen. Då har alle behov for kulturliv, ikkje sant? Me kan ikkje gå inn i ei framtid der ingenting skjer, fordi alle har mista jobbane sine og rett og slett ikkje kan halda fram med den utruleg viktige jobben dei gjer? Det kan me rett og slett ikkje la skje. Eg nektar.

Dei siste dagane har hashtaggen #ingenrefusjon kome fram i lyset - og eg meiner at det er ein av dei viktigaste tinga me må ta omsyn til akkurat no. Har du bestilt billett til ein konsert, som no (av VIKTIGE grunnar) er avlyst eller utsett? IKKJE be om refusjon om du absolutt ikkje må. Kan du avsjå dei kronene, plis gjer det. Denne epidemien er ikkje kultur-Noreg sin feil. Dei fortener ikkje å bli ramma på denne livsendrande, ekstremt uheldige måten. INGEN REFUSJON, folkens! Det er bodskapen min i dag. Eg ber dykk.

Bli med og kjemp for at me framleis har eit kulturliv å snu oss til når røyken har lagt seg. Når me treng å samlast, klemma, klina, drikka og ha det kjekt saman atter ein gong. For den dagen kjem. Alle må ta i eit tak no!

Mange fantastiske menneske har allereie funne eit alternativ til korleis me framleis kan “gå på konsert” utan å faktisk gå ut; virtuelle gigs! Brakkesyke 2020 er eit slikt tiltak, som eg får gåsehud av. Stikk inn på Facebooksida deira og følg med der - det blir også moglegheit til å gi litt økonomisk støtte til dei som speler der. Last Train hadde også ein livegig på nett i går. Fleire kjem sikkert på bana.

Om du har nokre løysningar til korleis me kan hjelpa dei andre viktige og uvurderlige og lidenskapelege menneska i bransjen, vær så grei - legg igjen ein kommentar enten her eller på Facebook.

Meir treng eg ikkje sei i dag. Vår kjære Marius kom med ein råfin ide rundt kva me kan gjere for å underhalda dykk der ute no i dagens dritt, så forvent nokre saftige innlegg i framtida!

Vask hendene, host og nys i albuen, pass på dykk sjølv og kvarandre. Kjærleik til dykk alle saman.

EDIT: Dette gjeld sjølvsagt også festivalar og liknande som no må avlysa/utsette planlagte datoar! Dette kom ikkje fram i teksten, men det ligg der. Håpar alle ser det.

Patrick Fardal