Leiaren: 5 år med lidenskap og 5 pandemi-tips

Me er her framleis, folkens. Oppdateringa av VEKAS ØYRESUS blei rett og slett gløymt oppi alt som skjer, men den kjem stappfull med nye låtar i måro!

90214580_2252857801684515_3234961571981557760_o.jpg

I dag fyller Evig Lyttar 5 år. I 5 år har me dreve på med dette. Eg var 25 når eg starta det opp. Fy faen så rart å tenkje på, eigentleg. Tida har jaggu gått fort! Eg veit ærleg tala ikkje kor eg hadde vore utan Evig Lyttar. Eg trur eg framleis hadde vore ein klein fjompenisse som ikkje visste kva han skulle gjere med livet sitt. Denne sida har gitt meg så uhorveleg mykje bra, at det blir vanskeleg å ramsa det opp. Eg har den råaste redaksjonen som eksisterer på jordas overflate då, det skal seiast.

Sondre til dømes. Listeguden og det lengstlevande medlemmet i redaksjonen. Kva i all verden skulle eg gjort utan deg? Du har vore ein bauta, ein ja-mann, ein inspirasjon, ein samtalepartnar som har fått meg gjennom heftige og kjipe tider. Jarand, med din ufattelege gode kunnskap og penn. Din entusiasme kan smitta over på ein stein. Seriøst! Rikke, din musikksmak er udiskutabelt ein av dei råaste eg veit om. Og din måte å skrive på er både unik og utan sidestykke. Marius, din fantastiske mann. Når du kom inn som den engelen du er og tok over mailansvaret, gjorde du meg ei teneste eg aldri vil gløyma. Din nynorsk er like bra som du er fantastisk, dine platemeldingar like levande som språket sjølv. Jørn - mannen, myten, legenden. Kor fantastisk er det ikkje at du er på laget? Din kunnskap om bransjen og lidenskap for musikk gjer deg til ein alle kunne ha prisa seg heldig for å ha med på laget. Eirik. Du minnar meg om meg sjølv når eg var på din alder (ja, eg er gammal, men faen heller). Din lidenskap for det bekmørke og kolsvarte i musikken og din kvasse penn gir meg gåsehud. Sarah, din lidenskap for film og musikk er ein uknuseleg kombinasjon. Evig Lyttars livesessions hadde ikkje eksistert utan deg! Ørjan, mannen med det magiske skjegget. Du er eit studiogeni som eg er utruleg heldig for å ha jobba med. Det er ein rein fryd å sjå deg bak miksepulten! Irene, din entusiasme for prosjektet og talent for fotografi har vore med på å gi Evig Lyttar nokre heilt unike sider - eg diggar deg. Jon Roger, den stille helten - utan deg hadde me ikkje fått prøvd oss på påddkast. Det var utruleg kjekt mens det heldt på! Du var med på å gjera eit mørkt år heftig mykje lysare. Harald, Fritz-Ragnvald og Bjørnar - de er ikkje med oss lengre, men det de gjorde for Evig Lyttar og dei artiklane, meldingane, intervjua og alt det andre de skreiv vil stå som noko av det feitaste produsert i norsk musikkjournalistikk nokon sinne. Eg er stolt over å ha hatt dykk med på laget.

Satan så stolt eg er. Over at dette har blitt livet mitt.

No må eg over på sjølve leiaren, for eg skulle jo uansett skriva nokre ord om kva ein bør gjera under denne ekle, kjipe og uvante situasjonen. Her er 5 ting du bør gjera.


1.KJØP MERCH & plater på nett

Dagens kulturliv går ein usikker framtid i møte, kjære lesarar. Dette har eg allereie skreve om, men eg må nemna det atter ein gong. Venues, band, platesjapper og andre artistar treng din hjelp no. Merch har alltid vore ein rå ting å kunne kjøpa for å støtta opp under det du diggar. Det har aldri vore viktigare enn det er akkurat no. Har den lokale venuen din merch eller noko anna feitt du kan kjøpa? Har platesjappa eit gavekort? Har bandet ein råfeit hoodie eller ein skamkul caps? Kjøp det no, er du snill. Skaff deg ein helvetes svær merchsamling, så kan du sitta i heimekarantenen med stil. Når ting roar seg ned og me kan omgås kvarandre igjen kan du gå ut døra med stil også. Det går framleis an å bestilla på nett, så eg rådar deg til å gjere det. Platesjappa Big Dipper i Oslo køyrer no varer ut til folket - Big Dipper on Wheels! Altså, kor forbanna rått er ikkje dette?

2.Stream/spel norsk musikk

Eg las nettopp ein artikkel om at visse radiostasjonar ikkje kjem til å spela utelukkande norsk musikk i tida som kjem, på grunn av redaksjonell fridom. Det er jo akkurat NO me må spela norsk musikk! Henning Kvitnes sa det på ein strålande måte:

“Jeg oppfordrer NRK, P4 m. alle, om kun å spille norsk musikk framover. Publikum om kun å streame norsk musikk. Tenker ikke på meg - jeg klarer meg - men spill alle de mer ukjente som sjelden får en plass”

Det er heilt utruleg at radiostasjonane ikkje ser viktigheita og alvoret i dette. Så då må kvar og ein av oss gjere vårt for den norske musikken. Lag deg ei speleliste og spre den rundt. Norsk musikk og den norske undergrunnen treng deg no meir enn nokon gong! Alt hjelper.

3.Sjekk ut livestream-konsertar ++

Ein av dei fantastiske tinga som har kome ut av denne lite fantastiske situasjonen er online-konsertar. Band har spelt live over nett for folk sidan dette greiene starta. Brakkesyke og Tou Sessions er to av plassane som samlar slike konsertar som band kan streama det gjennom. Norsk Punk har også sin streamfest, den første går ned i helga. Turbonecro speler live i kveld, det må du få med deg. Altså, lista over band som streamer og plasser som deler det er mange. disharmoni har stått på, Råkkfolk la nettopp ut to råfine påddkasts med norske låter du kanskje ikkje har høyrt før. Det er heilt rått å sjå solidariteten og lidenskapen hjå folk. Det finst masse feite påddkasts du kan sjekka ut mens du heng ut heime: Anger, To Punks En Pod, FAEN!, Jernverket , Father Son Picnic og sikkert mange, mange fleir. Leit deg fram til alt gullet som kjem opp no. Får du moglegheit til å vippse litt så gjer du søren meg det også. Me skal gjere alt me kan frå vår side å få ut alt til deg. Blir det spamming så får det berre bli spamming. Eureka Soundworks la ut eit heilt konsertopptak av DIE A LEGEND på Vaterland her om dagen, det må du berre sjekke ut. Aktørar som Eureka Soundworks, og andre menneske som jobbar med lyd, lys og alt innanfor kultur har det også vanskeleg no. Om du finn ein måte du kan støtta desse på håpar eg du gjer det.

Nettkino er også ein fin greie som er særs aktuelt akkurat no. Filmar på nett for dei som ikkje kan gå på kino. Dei støttar opp under krisa akkurat no, dei også.

4.ingen refusjon

Dette har du sikkert fått med deg frå før, men IKKJE BE OM REFUSJON FRÅ KANSELLERTE/UTSATTE KONSERTAR MED MINDRE DU ABSOLUTT MÅ! Dette er ein fin måte å støtte opp alle dei som tapar pengar no. #ingenrefusjon - nok sagt.

5.sjå punkt 1-4

Ta vare på deg sjølv og kvarandre, vask hendene, hald avstand frå folk (og hamstring!!), vær medmenneskeleg, vis solidaritet, høyr på musikk, ta ein ringerunde, høyr om naboen treng hjelp (om du er frisk), skriv eit innlegg ein eller anna plass (skriving er terapi). Hald deg oppteken!

TA VARE PÅ KVARANDRE OG DEG SJØLV, VASK HENDENE, HALD AVSTAND FRÅ FOLK (OG HAMSTRING!!), VÆR MEDMENNESKELEG, VIS SOLIDARITET, HØYR PÅ MUSIKK, TA EIN RINGERUNDE, HØYR OM NABOEN TRENG HJELP, SKRIV EIT INNLEGG EIN ELLER ANNA PLASS. HALD DEG OPPTEKEN!


Evig Lyttar skal sjølvsagt gjera alt me kan for å mata deg med gode greier i tida framover, så følg med.

Resten av dagen går til å høyra på steinbra, norsk undergrunnsmusikk og feiring av 5-årsdagen!

KJÆRLEIK

Patrick Fardal