Bismarck - Oneiromancer

8b4382_f45c837a72194b4a98a7bbac333cdbf6_mv2.jpeg

Som mange andre har eg venta på meir frå Bismarck. Urkraft la i si tid lista ganske så høgt for kor mykje ein kunne forvente frå dette orkesteret.

Her må me berre starta frå byrjinga. “Tahaghghogh Resalat” er ein tittel eg ikkje anar kva betyr og som eg ikkje vågar å seie høgt. For å vere heilt ærleg var det ikkje dette eg forventa meg. Men det fungerer bra, det skal seiast. Folketonar frå midtausten miksa med ein skikkeleg tung bass og fengjande trommer gir meg lyst til å dansa på golvet med ukontrollert rørsle. Men det slår ikkje skikkeleg til før på slutten. Den overgangen der, frå første låt til tittelsporet “Oneiromancer”, er allereie legendarisk i mine auge.

Bismarck er framleis i toppen når det gjeld å laga magesug. Tittelsporet har nokre seige, seige parti som sug deg tom for luft om du ikkje passar deg. Det er desse partia som gjer plata så bra, i mine auge. Dei bitane som røskar tak i alle delar av kroppen din, som riv og slit deg laus i alle kantar. Bismarck har funne ein nydeleg måte å gli frå rolege, dronande parti og rett over i det tunge og harde.

“The Seer” har me allereie høyrt. Dette må seiast å vere den tøffaste låta på plata. Den får meg til å skjære grimasar eg ikkje visste eg hadde. Det opplevast som ein vakker miks av Bell Witch og Conan (Chris Fielding frå Conan står faktisk for innspeling og produsering). Dette er det seigaste og det mest grufullt deilige eg har høyrt på veldig lenge.

Blant alle desse brutalt vakre partia finn du litt rolegare, meir draumande delar pynta med nokre dosar reinvokal. Det er her eg slit litt. For all del, desse rolege partia funkar bra som overgangar og oppbygging til dei råfeite og knusande bitane, men reinvokalen klarar eg ikkje lika så godt som eg kanskje burde. Det blir litt kleint. Kall meg bortskjemt, men om alle låtane hadde vore i gata til “The Seer” ville denne plata fått full pott frå meg.

Med dette i bakhovudet startar siste låta “Khthon” nokså svakt. Heldigvis tek det seg inn att på best mogleg vis litt uti, med akkurat de me elskar Bismarck for - steinharde overgangar og magesug frå helvete.

8/10 TRYNER!

Patrick Fardal