Dead Junkie Fever - Adult Entertainment

Bilder: Pollestad Photo / Cover art: Christian Bjotveit

Du veit dei pornofilmane frå 70-talet? Med den der sexy soundtracken? Røyrleggaren som kjem for å fikse vasken? Der har du starten på det som skal bli helgas rocke-eventyr. Frå "Adult Entertainment” og utover er det berre eit bonanza av uhorveleg deilige riff, skitne trommer, fest og ei stemme som eg meiner kan konkurrere med Kristopher Schau i den der garasjerock/punke-vokalstilen.

Dead Junkie Fever kjem frå Jæren/Stavanger og består blant anna av tidlegare medlemmar frå Psyko Blasfemi. Det bandet leverte nokre av dei råaste konsertane eg har vore på - og eg trur ikkje Dead Junkie Fever er mindre bra live.

Det me må snakka om her er driven på låtane. Det er så mykje deilig driv på Adult Entertainment at eg får lyst til å kasta meg ut på gata og danse bortover asfalten. Kan faktisk godt hende at eg gjer det etterpå. Du får også servert nokre deilige parti på desse låtane her. “Biker Steve” gir deg eit råfint parti i slutten av låta - den gitaren der gir meg alt eg trenger for å smile på ein kjip dag. “Cult Leader” sender deg på ei reise tilbake i tid. Eg ser føre meg at Quentin Tarantino kunne brukt den låta i ein av sine nostalgi-filmar. Sånn heilt seriøst.

Men favoritten min her må seiast å vere “Human Garbage”. Den har alt! Den er seig, kraftfull og har i seg ein solid dose av den gamle punkevibba, som er toppen på den skitne kransekaka. Den låta der må berre være bra live. Pluss at dei køyrer på med den der klassiske rockegreia litt uti der. For ikkje å snakka om den beintøffe og opphissande soloen! Hekkans bra låt, der altså. Sjekk dette ut no, for svarte svingande!

Du finn EPen på Spotify her. Ellers rådar eg deg til å sjekke ut bandet på Facebook og Instagram. Eg finn ikkje bandcampen, men om den er der bør de sjekka ut den også!

Patrick Fardal