Ampmandens Døtre EP-premiere!

Det er alltid gøy å få lov til å gjere kule ting med band eg digger. Eg har fulgt Ampmandens Døtre lenge no, så sjansen til å ha premiere på deira nyaste EP XX på sjølvaste vetle julafta let eg ikkje gå frå meg! Dette er kraftige saker.

XX er andre EP i det som vil bli tre utgjevingar frå bandet i 2021/2022. Tidlegare i år kom X, den første i denne rekka. Alt har blitt spelt inn i Amper Tone i Oslo, studioet til Kjartan Kristiansen. Bak spakane finn du fantastiske Ruben Willem.

Ampmandens Døtre hadde ein del uferdige låter, så dei ville laga noko nytt og sjå korleis det utvikla seg. Resultatet blei 9 låter klare for studio. Tid til innspeling blei booka til mai 2021.

Det som er heilt nytt for bandet no er at dei har fått med seg sjølvaste Hege Rimestad frå Amtmandens Døtre på låta 99% (kanskje på noko meir seinare også).

Hege spelte fele i Amtmandens Døtre og er ein pioner på elektrisk fele. Bidraget hennar på låta 99% er i følge bandet betre enn kva dei kunne ha håpa på - det er utruleg kjekt at ho ville bli med! (Foto: Promo)

Coveret på EPen har Snorre Berge designa.

Evig Lyttar gir deg med glede ein solid førehandspremiere på dette.

Du har garantert fått nok julestemning no! Køyr på med ein gjennomlytt av XX, så skal du sjå at den turen i skauen blir sinnsvakt mykje betre, grauten smakar ekstra godt og juletrepynten vil flyge veggimellom! Den karakteristiske vokalen til Anders Bø er akkurat der den skal vere, riffinga til Ken-Robert Gjelstad Jakobsen er sylfeit og trommene til Jon Dahl Tveter er brutalt bra. Fela til Hege Rimestad er eit friskt tilskot i ein ellers steinhard EP.

Tracklist:

  1. “You Start Dying The Day You Are Born”

  2. Omertà

  3. 99%

Frå alle oss til alle dykk, god jul!

Patrick Fardal