SKOV - Det er så mye

Det er mange band som gjer inntrykk på meg, men det er spesielt eitt band som har fanga meg i det siste - spesielt live. SKOV heiter dei, og består av Jostein Haaheim, Amund Aasbrenn, Sindre Larsen, Erik Falskow, Andrian Nilsen og PH Arnesen.

I dag køyrer Evig Lyttar på med ein premiere på musikkvideoen til deira nyaste låt, “Det er så mye”!

Bandet har ein soft spot for gitabasert og bittersøt janglepop, og blir av Saga Eline Jonsson Hoff (GAFFA) plassert i krysningspunktet mellom eit betrakteleg yngre deLillos (som fann synthspakane) og eit Beach House med trommer i tet. Der treff ho ganske så bra, spør du meg. Live er SKOV ein rein fest. Det aller største stikkordet er at dei omlag alltid har publikum godt knytt rundt lillefingeren. Dette, kombinert med ufatteleg catchy låter og ein dansande bassist, gjer alt dei finn på til eit ordentleg gledeleg kalas!

Etter tre år med selvransakelse, fullstappa klubbkonserter og sporadisk studiotid er Skov nå klare med sin andre fullengder. Albumet “Karikatur” slippes våren 2023 via Rohdos Records.
— Skov

Men før den tid kan du altså nyta den digge musikkvideoen til den endå diggare låta “Det er så mye”;

En kaotisk og fin utenlandsdebut dokumentert. I september spilte Skov på klima- og kulturfestivalen Arkticky Festival i Reykjavik. Gjennom kameralinsa til gitarist Amund Aasbrenn får du være med Skov på en tur som ender bra til slutt. Eller? 
I filmen møter du en arrangør som ikke hadde tenkt på at et band som flyr inn trenger trommesett og forsterkere. Du møter en avslappa vokalist i fullt firsprang over svarte strender. Du møter en velvillig professor med sixpence på snei og studio i kjelleren som kan låne bort utstyr. Du får tur-retur med bagasje på avveie og flyvrak i nærbilde. “Det er så mye som kan gå galt / bare gi meg tid og sted”. Fredag 14. oktober kom singlen, Det er så mye, ut via Rohdos Records. I en paradoksal miks av angst og laissez-faire attitude ler vokalist Jostein Haaheim seg gjennom låta, mens bandet bak han flyter i lettbeinte rytmer.
— PH Arnesen

Låta er produsert og miksa av Andreas Heinesen Kase og mastra av Magnus Gulbrandsen. Artwork er gjort av Petter Wang, Jonas Vetlesen og Axel Berggraf Egenæs.

Patrick Fardal