Purified in Blood er endeleg tilbake!

Purified in Blood 2022 (Foto: Ole Christian Petterson)

Purified in Blood starta opp i 2003. Debut-EPen Last Leaves of a Poisoned Tree blei godt motteke når den kom ut i 2004. Det same blei den fantastiske fullengdaren Reaper of Souls i 2006. PiB køyrte på som eit godstog og slapp bautaen Under Black Skies 4 år seinare, i 2010. Deretter kom den plata eg har høyrt mest på opp igjennom - Flight Of A Dying Sun i 2012. Eg hugsar første gong eg høyrte tittelsporet på den plata. Det er vanskeleg å beskriva med ord kor rå, fengjande og episk den er. Det same kan seiast om “Unmarked Graves” frå Reaper of Souls, og “Scavengers” frå Under Black Skies.

Det har gått 10 år sidan sist me høyrte noko nytt frå dette legendariske beistet av eit band, men no er dei altså endeleg tilbake med den første av to nye låtar den 20.april - “Myrå”. Det er vel ikkje til å stikka under ein stol at dei fleste som kjenner og digger dette bandet har sakna dei, både når det gjeld trangen etter og lysta på å høyre nytt materiale, men også å kunne få dei tilbake på eit større konsert-spor. PiB har spelt live ved nokre høve opp igjennom åra, men med nytt materiale kan det fort bli meir. Om du har sett dette orkesteret live så veit du kva eg snakkar om; Du skal jobba hardt for å finna eit band som speler meir brutalt og knuser hardare enn Purified in Blood. Dei står bak nokre av dei mest legendariske konsertane i Noregs hardcore/metall historie. Bandet går på scena med livet som innsats! Dei gir alt for å kunne gi publikum ein release, samtidig som at dei får eit heftig kick sjølv. Betre terapi finst vel eigentleg ikkje?

PiB på Checkpoint Charlie i 2013 (Foto: Erik Sæter Jørgensen)

Vi starta Purified in Blood i 2003. Nå er det 10 år siden sist gang vi slapp nytt materiale. Har tidvis vært ganske aktive i lengre perioder, men de siste årene har vi ikke hatt noe hastverk for å si det slik. Og godt er det. Livet er stort, og skal romme mye. Muligens er vi på vei inn i en tid der Purified in Blood får mer fokus igjen, og det føles bra. Virker som flere syns det også, så det er motiverende.
— PiB

Bandet sjølv seier at forventingane deira er å spele live, når dei ynskjer det - og ikkje fordi dei må. Dei vil spele inn låter når dei kjenner at det er noko som må ut. PiB er einige om at dette er ein ganske tilfredsstillande måte å gjere det på. Ingen press ligg bak, kun lyst. Vokalist Hallgeir kan fortelje at han tykkjer det er rått å kunne gi ut nye låter, og å ærleg kjenne at dei kan gi ut noko dei er nøgd med.

Men det jeg gleder meg mest til er å spille live, og å kjenne på energien fra publikum og den releasen jeg får av å spille. 
— Hallgeir Skretting Enoksen

“Myrå”, som kjem ut i måro, skildrar i følgje bandet ein prosess om å omfavna intensiteten i livet, brenna det ein ikkje treng og å akseptera og bruke smerte for det den er. Bra tematikk som dei fleste kan ha nytte av.

Vi har lagt oss på en linje som vi vil utvikle videre fremover. Lydbildet er brutalt, uten for mye ekstra mas, men nok til å treffe nerven vi ønsker å treffe. Tekstene er ærlige, og vokalen gjenspeiler det.
— PiB

Lat meg berre sei det slik; “Myrå” er ein skikkeleg kraftpakke av ei låt - snakk om å koma tilbake med eit smell! Du høyrer godt at det er Purified in Blood - Det nydelege orgelet som var så rått på tidlegare materiale er tilbake her. Det er berre så tøft. Riffa er like fengjande og solide som før, men det kjennast hakket mørkare, hakket meir primitivt. Vokalen har om mogleg blitt endå meir brutal. Heile pakken gir meg eigentleg eit sterkt behov for å stikka ut i skauen, fyra opp eit bål og skrika så hardt eg kan mot himmelen mens eg slår meg på brystet. Låta har ein beint fram katarsisk effekt. Bandet har også alltid mestra byttinga mellom seige parti og kjappe - og no har dei så til dei grader polert det. Her er det akkurat nok headbanging og akkurat passe mykje moshpit. Denne sparkar ordentleg hardt live, det kan eg berre lova deg.

Trommer er spelt inn på Lydplaneten Studio på Gausel, gitar og bass i Hellhole Studio/øvingslokale på Hillevåg og vokal i Arvid Tjelta sitt studio. Tjelta står også bak spakane, og låta er produsert av PiB sjølv. Ådne Sæverud har spelt orgel på dei nye låtane - teke opp på den gamaldagse måten med oppmikka forsterkarar og ingen re-amping eller simulator-amper. Vokalen er så og sei utan effektar, med unntak av litt delay her og der.

Begge låtar er miksa og mastra av Tue Madsen i Antfarm Studio, noko som også blei gjort på Flight of a Dying Sun. Bandet er godt nøgd med måten Madsen har framheva nerva i lydbilete, og at han klarar å ta vare på det organiske i musikken. Madsen har tidlegare jobba med Meshuggah, Rob Halford med fleir.

Coveret til “Myrå” er måla av Frode Felipe Schjelderup, og coverarten har deretter blitt satt saman av Torger Svindland.

Bandet kan ellers fortelja at begge låter er gjort samtidig, og at dei vil halda fram med denne oppskrifta vidare. Låt nummer to kan folk venta seg litt seinare, mot sommaren.

Purified in Blood var klare for å gønna på med konsertar også, men dei fekk eit lite slag i baugen når vokalist Hallgeir må inn for å operera ein skade. Men konsertar blir det.

“Myrå” kjem ut i måro den 20.april - du bør jaggu meg høyra på den. Få med deg dette live også, enten om du kjenner til bandet frå før eller ikkje.

Velkomen tilbake!

Patrick Fardal