God stemning på Festival Ø @ Sarpsborg Scene

Det er så utruleg deilig å kunne gå på skikkeleg konsert igjen! Eg fekk køyrt meg godt i helga når eg tok turen på fantastiske Festival Ø (skapa og styrt av råflinke Emilie Berg Slangsvold). Denne festivalen har som mål å setja søkelyset på band og artistar som på ein eller anna måte høyrer til her i Østfold. Denne utgåva bestod av 7 band - HUMLE, UTAN DOM., 1234!, PELICAT, SKOV, ED, EDD OG EDDY & KITFAI. For ein bukett!

Humle

Første band ut var Humle på Folkets scene, ved baren. Dette bandet serverer som oftast eit fullstappa lydbilete, med bass, trommer, gitar og synth. På Festival Ø fekk me sjå og høyre eit meir nedstrippa Humle - noko som eigentleg var heilt greit. Eg sakna ingenting, for det var så høg kvalitet på dei to gitarane og vokalen. I tillegg var det skikkeleg god stemning i rommet, og Humle hadde bra kontakt med publikum. Litt irriterande med babling midt under låtane her og der, men det må nesten påreknast - scena var jo rett ved baren. Eg fekk eigentleg skikkeleg Postgirobygget/DeLillos vibber (av den gode sorten). Det einaste som mangla var solnedgang! Vokalen var sår og fin, god lyd på det andre var det også. Alt i alt ein nydeleg start på denne festival-dagen!

Neste band ut var Utan Dom. Dette kan berre beskrivast som Østfoldsk på svensk. For her er alle frå Noreg, men teksten er på svensk! Det fungerer overraskande godt. Vokalisten har ei stemme som berre passar til svensk - du veit den mørke og dystre men vakre stemma mange svenske vokalistar har. Sjå føre deg at Nick Cave møtte Håkan Hellström og Cornelis Vreeswijk ei fuktig natt i Sarpsborg. Strålande stemme! Mørke låter og mørk tematikk, men det fungerte godt. Vokalen var nok også høgdepunktet her - fine og kraftige instrumenter også altså, men det var litt ujamnt her og der. Siste låta var nydeleg og sterk, her fekk gitaren leika seg litt meir. Nedstrippa, mørke tonar på svensk frå Østfold. Litt meir snakking under denne konserten, og eg endte opp med å skriva “snakking er dritt på stille konserter” med capslock. Fin konsert!

1234!

Etter dette bar det ned til Robert Normann-salen for å sjå det som var mitt høgdepunkt denne kvelden - nemleg 1234!. Den bass&tromme-duoen som eg skreiv om for ikkje så lenge sidan. Power and speed og alt det som følger med. Det var endå råare live enn på plate! Duoen stilte seg mot kvarandre på scena. Full augekontakt heile vegen. Det var som om eg kunne sjå ei boble av kraft som forma seg mellom dei. Den bobla traff iallefall meg rett i trynet, mellomgolvet og alt som var. Eg veit at den traff samtlege andre også, for du kunne høyra og sjå at fleire måpa. Begge instrument var akkurat der dei skulle vere, og eg blei blåst heilt av bana. Dei kjappe partia var så solid og kraftige, dei seige likeså. Fellesnevnaren må vere at det var brutalt feitt. Trommene var upåklagelege - stappfull av hamring frå øvste hylle. Men det som imponerte meg mest denne kvelden var bassen. Den blei kontrollert og spelt på på ein måte eg ikkje har sett før! Tonane som kom ut derifrå var så tøffe og kule at eg blei litt satt ut. Kveldens høgdepunkt for meg! Dei spelte også nokre nye låtar som kjem på neste plate. Du kan berre gleda deg. Full punch og trøkk fra helvete!

Pelicat

Etterpå bar det opp att på Folkets Scene der Pelicat venta på oss. Snakk om gitarføring! På same måte som med Humle var bandet nedkutta og nedstrippa - her var det berre to gitarar og vokal. Vokalisten hadde schwungen i stemma og attituden til Bob Dylan! Nydelege låtar. Det einaste som øydelagde denne konserten litt for meg var at det FRAMLEIS VAR PREIKING MIDT UNDER SPELINGA! Heilt alvorleg tala - når eit band speler eit så “stille” og nedstrippa sett er det så respektlaust å bable, le og hyle. Denne gongen fekk eg nok, og sneik meg bort og ba dei høglytte menneska om å vere stille. Heldigvis blei beskjeden mottatt, og det var omlag heilt stille resten av konserten. Det var berre å nyte! Pelicat kan gjerne spele fleire slike konsertar for min del - får du moglegheit så skal du sjå dei. Råfine capsar har dei også! Favorittlåta mi var “Down at the Arcade” - den fungerte skikkeleg godt i akustisk format.

SKOV

SKOV var neste band ut nede i Robert Normann-salen. Her visste me ikkje kva som venta oss - eg trur ikkje eg kunne sett føre meg at det kom til å ta av slik som det gjorde. For eit orkester, for ein stemning! For ein kvalitet! For ein fest! Det første som skjer er at den eine vokalisten ba oss om å koma heilt fram til scena - han fekk augekontakt med ALLE i salen! Fyttigrisen for eit show! Bandet dansa og kosa seg både med kvarandre og med oss. Psycho-dyktige folk som spelte som nokre gudar! Saksofon! SAKSOFON! Og bandet var ute i publikum her og der, bassisten dansa og laga eit heilt eige show for seg sjølv, låtane var nydelege og lyden var 100%. Masse humor, masse fest og tonnevis med kvalitet! Uansett om du er hardbarka pønkefan eller om du elskar KYGO eller Taylor Swift så er SKOV noko for deg. God stemning blir det uansett! Folk må komma seg på SKOV-konsert!

Ed, Edd og Eddy

Etter dette kalaset bar det rett opp att til Folkets Scene og rockegruppa Ed, Edd og Eddy. Dette kan berre beskrivast som fuzzete, upbeat, Dinosaur Jr. infused rock frå ein gjeng talentfulle karar. Tekstane er så rå og ekte, riffinga og soloane er steinbra, og vokalane er usminka, litt desperate og tøffe, noko som passa heilt perfekt til resten av måltidet Ed, Edd og Eddy serverte denne kvelden. Rett og slett god stemning! Masse humor - heile greia var skikkeleg feelgood-opplegg. Desse vil eg sjå igjen!

Siste band ut var Kitfai i Robert Normann-salen. Dette bandet har stålkontroll live, og produksjonen er solid. Vokalist Bodil Kvangarsnes har ei heilt nydeleg stemme som passar utmerka med resten. Bassen var dritkul og riffinga var sterk. Rett og slett ein råfin avslutning på ein ellers fullspekka kveld med gode vibber og kvalitetsmusikk i liveformat!

Tusen takk for meg, eg kjem attende.

Patrick Fardal