Redaksjonens favorittar frå mai

Jarand

Moon Tooth – Phototroph

Moon Tooth har eg følgd med på sidan starten og no er dei på plass med den mest fokuserte plata så langt. Bandet har leika seg med fleire retningar tidlegare, men det er først no at balansen mellom barsk riffing og djuptgåande tekstar verkeleg sitt.

Reint teknisk er det kreativitet i alle ledd. Mark Morton frå Lamb of God har hatt ein finger med i spelet tidleg i prosessen, noko som har sikra ein eksplosiv og deilig produksjon. Samstundes har dei utvikla ein særegen spelestil. Breidda og blandinga av uttrykk liknar tidvis på blant anna The Dillinger Escape Plan og Baroness. Vokalen har også utvilsamt forbedra seg sidan sist, John Carbone har tydelege røter i blues og står for mykje av det melodiske blant den høglytte riffinga. Det gjev bandet eit større spekter av kjensler å leike med. Samanlikna med det eldre materialet har bandet no eit meir håpefullt lynne og virkar mindre rastlause. Phototroph er utvilsamt ei meir sjølvsikker plate frå denne gjengen. 

Favorittlåtar: «Alpha Howl» og «Nymphaeaceae» 

Andre favorittar frå Mai:

The SmileA Light for Attracting Attention, Rolling Blackouts Coastal FeverEndless Rooms, TvivlerKilogram

Sondre

Blut aus Nord – Disharmonium - Undreamable Abysses

Dette legendariske franske metalbandet leverer gull på det jeg tror blir deres fjortende studioalbum. Bandet er i knallform for tiden, og ga oss senest i 2019 det fantastiske albumet Hallucinogen. Dette var kanskje bandets mest tilgjengelige album til dags dato, med bøttevis av minneverdige riff ispedd psykedeliske elementer. Disharmonium er et helt annet beist, mer abstrakt og formløs, men også med en mørkere og dystrere atmosfære. Tittelen på albumet er passende. Dette er lyden av psykens avgrunn, håpløst og marerittaktig. Lovecraftian horror på sitt beste. Disharmonium er kvalitetsmessig på nivå med forgjengeren, og står blant Blut aus Nords beste utgivelser gjennom en snart 30 år lang karriere (riktig nok ikke bedre enn Memoria Vetusta II). 

Om du ikke har sjekket ut Blaut aus Nord før, men du liker band som Oranssi Pazuzu og Deathspell Omega; ikke nøl med Disharmonium. Det kommer til å bli en ny favoritt. Bandet har dessuten en variert katalog, hvor du vil finne alt fra industrial metal til atmosfærisk black metal. 

Andre favoritter:

Nduduzo MakhathiniIn the Spirit of Ntu, The SmileA Light for Attracting Attention, GospelThe Loser, Primitive ManInsurmountable, AaraTriade II: Hemera, HeriotProfound Morality (EP), Cosmic PutrefactionCrepuscular Dirge for the Blessed Ones, Kendrick LamarMr. Morale & The Big Steppers, Otoboke Beaver – スーパーチャンポン  (Super Champon), TvivlerKilogram, Kikagaku MoyoKumoyo Island, God MotherObevekelig (EP) og HaunterDiscarnate Ails

Patrick

FIGHTS - Moonshine

Fights, altså. Dette unikumet av eit band berre peiser på med hit på hit. Den fantastisk Lemmy-aktige skrikevokalen til Sivert Moe er på sitt aller beste på denne låta her. Fengefaktoren er høg. Soloføringa er råfeit. Du får jo lyst til å knuse alt rundt deg. Akkurat no sit eg og ser utover eit vakkert og roleg landskap innhylla i sommar, men eg får jo litt lyst til å brenna ned heile skiten - på ein bra måte. Alle må vel ha lyst til å smaka litt på den brennevina FIGHTS kokar i hop her, og om den er berre pittelitt så bra som denne låta så ligg me alle strake og godt nøgde langt inne i ei helsikes fyllekule utan sidestykke. Knakande bra greier!

Ellers har Cult Member kome med ei ny låt! “Concrete Defeat” er noko av det feitaste dei har gitt ut. Om ikkje du får utløp for sinnet ditt her så veit eg ikkje om du kan få orden på noko som helst. Tvivler kom også ut med ei utanomjordisk spanande plate! KILOGRAM er skamfeit, og vår skribent Åsmund har skreve akkurat det du treng å vita her. Evig Ferie er på plass med atter ein ny og botnsolid sommarhit! Ingenting skapar meir ro i sjela enn dette.

Redaksjonen