Redaksjonens favorittar frå juni

Marius

Flokkdyr – Et øyeblikk i verden 

Vestlandsk vise-prog, seier du? Ja, absolutt, seier eg. Flokkdyr leverer ein kombinasjon av jordnære tekstar, folkeleg-formidable vokalprestasjoner og tydelege referansar til 70-tals prog. et øyeblikk i verden er ei unik og triveleg perle i havet av sommarmusikk. Sjekk ut tittelsporet et øyeblikk i verden eller nytt håp, to musikalske flytfestar som startar i nedtona visesang og avsluttar i gitarsolo- og korfest ein plass mellom Led Zeppelin og folkeleg rock. Kvalitet, kvalitet og kvalitet! 

Khold – Svartsyn 

Dette er eit av mange band som er ikkje vanskeleg å kjenne att, og i høve Khold er det eit steinsikkert teikn på kvalitet. På Svartsyn pumpar dei rutinerte herrane ut groovy, knallhard og tydeleg artikulert svartmetall. Plata er miksa etter mi smak, der vokalen kjem tydeleg fram og kvart instrument er enkelt å følge, og eg håpar alle trommisar får oppleve samme torevêr i tom-tom-rekka som det trommis Sarke dundrar fram her. Låtane på Svartsyn har sterke tekstar, og eg grøssar ved tanken på at forteljinga i Manngard ikkje er heilt urealistisk (hint: barn blir borte i vinterskogen og det går ikkje bra).

Jarand

I LIKE TO SLEEP – Sleeping Beauty

Sidan «Bedmonster» kom i 2017 har denne Trondheimstrioen bygd seg ein eigen eksplosiv leikeplass innan jazzen. Med ein uortodoks kombinasjon av instrument har dei tilbakelagt seg mange soniske eventyr så langt, endå kjennes sisteplata som eit friskt pust. På sitt mest svevande kan dette minne om Motorpsychos evig utforskande tilnærming til rock, men «Sleeping Beauty» syner eit band som kan hamrar ut dristige idear på eit meget høgt nivå. 

Sjølv på sitt mest kaotiske og suggerande klarar ILTS å komponere låtar som eg berre må høyre ein gong til. «Broken Record» er eit prakteksempel, ei låt som stadig jagast av garde med hektiske trommer og går djupt ned i mørket. Minnar til dels om «Cut» av Monolithic slik dei maskinelle trommene byksar framover. Samstundes tek dei seg god tid for å bygge temaer og legg til rette for mykje fri flyt rundt baritonlinjene. 

Dette er ikkje noko du behøver å sove på, I LIKE TO SLEEP må du høyre.

Sondre

Todesking – s/t 

Debutalbumet til den Stavangerbaserte trioen Todesking burde tilfredsstille alle som har savnet thrashy norsk svartmetall av den sinte og grumsete sorten. Skiva klokker inn under halvtimen og er kompakt underholdning fra start til slutt. Låtene «Cutting the Artery» og «Death on a Steed» er klare høydepunkter for min del. 

Andre favoritter: EsoctrilihumConsecration of the Spiritüs Flesh, Artificial Brains/t, I Like to SleepSleeping Beauty, Perfume GeniusUgly Season, Angel OlsenBig Time, Petrol GirlsBaby, Great PeopleThese Days We Dance, VerberisAdumbration of the Veiled Logos, MothmanCancer Withdrawal og Moor MotherJazz Codes

Patrick

Pelicat - The Ballad of Faustino Asprilla

Pelicat. Eg har blitt så forelska i Pelicat! Den klassiske greia dei driv med, som likevel opplevast så ny og frisk. “The Ballad of Faustino Asprilla” er som om alle dei kulaste banda frå 60-talet blei mosa inn i ei einaste låt -med ein moderne vri. Ei einaste deilig, vakker og utruleg bra låt. Fantastisk! Gi meg styrke så deilig den gitaren er. Og den stemma. Og alt som skjer i lydbildet! Pelicat skulle spelt live saman med The Band. Dei skulle hengt ut med Levon Helm, Rick Danko & resten av gjengen i det rosa huset, Big Pink, der The Band spelte inn alt det som var så bra på den tida. Elsk!

Redaksjonen