El Cartel

Foto: Marianne Rapp Hauge

Støvet legg seg rundt deg i det du tek tunge, solide steg inn i den dystre, ørkenbelagte tettstaden. Det er heilt stille, utanom ein ørn som hyler langt der oppe. Sola steiker og svetta renn frå panna di. Du har vandra langt for å koma hit, gjennom ein brennande heit ørken. Men du drivast fram av eit ynskje om hemn. Mannen som står eit stykke framfor deg har teke dama di frå deg, og du er her for å ta ho tilbake. Gata tømmast fort for folk - dei veit kva som skal skje. Med eit godt tak rundt revolvaren din stiller du deg opp og gjer deg klar for duell.

Clint Eastwood tenkjer du kanskje på? The Good, The Bad And The Ugly? Nei, det er El Cartel. Aldri har eg høyrt eit band som klarar å setta så sterkt til liv min draum om å besøka den spik hakkande galne vesten. Sjeldan har eg følt meg så tøff som når eg til dømes høyrer på bandets nyaste låt, “Carnal Mazo”. Eg manglar berre strå i munnviken og ein bar med sånne dører som deler seg i to slik at eg kan sparka dei inn.

El Cartel er eit band frå Fredrikstad som blei starta opp av Richard Ahlsen og Jørgen hansen i februar 2019. Til vanleg består bandet av 6 mann, men live pleier det vere 8-9 mann på scena, for å få romma alt det musikalske bandet har i seg og gi det til publikum. Kartellet seier sjølv at dei opererer i grensetraktene mellom Texas og Mexico - stemningsfull Americana med sterke Mexicanske influenser.

Litt av dei instrumenta du får servert av denne gjengen er Vibrafon, klokkespel, rørklokker, trekkspel, vihuela, guitarron og baritone-gitar - pluss den klassiske trompeten, bass, trommer, tangenter og gitarar. Det er altså ikkje reint lite du har å meska deg med!

Eg vil seie at dette bandet er noko du verkeleg må oppleva live - for det er litt av ein fest. Det er ikkje berre tøft heller - det kan vere sårt, vakkert og stemningsfullt på ein heilt unik måte, i alle fall innanfor den norske musikkscena. “Adios Amarillo” er ein kjærleiksballade utan sidestykke, “Saguaro Heart” er ein seig, deilig affære som til tider opplevast som ein sensuell dans med døden.

Stikkordet for dette bandet her er stemning. Stemning på ein nydeleg måte som berre gir deg gåsehud og eit sterkt ønske om å kasta deg opp på ein hest og ri inn i solnedgangen.

Følg med på denne gjengen vidare, og få dei med deg live!

Patrick Fardal