Aromatic Ooze

Me har alle litt behov for magi i desse dagar. Kulda kjem krypande, dagane blir kortare og verda er generelt ganske vanskeleg å gripa tak i. Me treng rett og slett å drøyma oss vekk i eit skurrete og svevande univers. Aromatic Ooze frå Tromsø fiksar biffen.

Foto: Casper Nilsen

Dette er eit band med driv. Tonnevis med driv. Du finn ingen nevneverdige, kjedelege parti på denne plata!

Eg ser føre meg ein skjeggete trollmann i ei stjernekappe som vankar rundt i alle verdas hjørner og studerer stjernekart og alt mogleg rart mens han kosar seg med noko godt i pipa si. Lyttaren er ein følgesvenn som blir teke med på turen. Du startar i ørkenen med låta “Shifting Dreams” og endar opp i alt frå ei mørk, skummel hule fulle av mystiske tekstar, til å ri på regnbogen mot ein planet langt, langt vekke.

Den aller første smakebiten dette bandet kom med var låta “Questgiver” for ei tid tilbake. Med ein gong eg høyrte den bassen og det forferdeleg stilige riffet i starten visste eg at dette kom til å bli bra. Eg fekk ein skikkeleg Teksti-TV 666 goes darker doom-vibe. Den held eg på.

“Pet Goblin” er ei av dei nye låtane som eg berre elskar. Live må jo denne her være perfekt - det kan jo sende publikum rett inn i transe. Eg ser føre meg ein heil haug med kult-folk som står og svaier fram og tilbake i eit mørkt rom med eit stort kubbelys i midten. Drittøft og seigt, akkurat slik eg vil ha det. Den saksofonen uti der er forresten noko av det kulaste eg har høyrt.

Men, me må faktisk snakka om “Cosmic Slumber”. Dette er den lengste låta på plata, men også den desidert beste. Eg får ro i sjela mi, eg sluttar å gruble og tenke på alt mogleg dritt - eg berre er. Eg er i eitt med låta. Den tek meg med på ei reise til ein plass der ingenting anna betyr noko enn akkurat det som skjer her og no. For ei fantastisk kjensle! For ein vreng det er på den gitaren! For ein strålande bass! For ein oppdriv i slutten. Det blir berre tøffare og hardare.

Heile dette kosmiske kalaset avsluttast med “Glass of Eyes” . Det einaste eg kan beskriva denne låta med er mystisk. Den synthen der er heilt perfekt. Spooky, okkulte greier.

Dette bandet har fått til noko heilt rått her. Det visste eg jo når eg fekk høyra dei tre smakebitane dei kom med, men gud bedre for ei debutplate dette er.

Eg har eigentleg slutta med terningkast, men tvinger du meg så må eg gi full pott.

10/10!

Patrick Fardal