Little Ladder – God Bless Little Ladder

Foto/Cover: Martin Bremnes

Little Ladder er ei nyetablert gruppe frå hovudstaden som fram til no berre har hatt eit par singlar å støtte seg på, deriblant «Salt». 17.Februar landa plutseleg debuten God Bless Little Ladder som no har fått snurre fleire rundar hos meg. Denne plata vitnar ikkje om noko amatørdebut, heller om eit band med både tyngde og iderikdom.  

Nemnte singel får æra av å opne plata, ein låt som kanskje best skildrast med bandets eigne kategorisering «bekymringsrock». Ein openbart tungsinna men også håpefull sjangerblanding. Den sett på mange måtar standaren for det som kjem vidare,  både i form av tekst og tempo, men mest av alt ein utforskande kvalitet. 

For kvar låt opnar uttrykket seg opp meir og meir, og bandet evnar å behalde eit karakteristisk  sound sjølv i noko ulike drakter.  I eine augneblinken er det fengande og rett fram, «Taking Over Me» sjanglar litt men landar til slutt med naiv sjarm. I det neste riv ein klangfull hylande gitar i hjartestrengane på ømme «Something to Say». Eit av fleire kjensleladde moment. 

Tankane går titt og ofte til Thom Yorke,  nokre parti lev definitivt i same gate som Radiohead eller The Smile.  «Tired and Uninspired» byggjer lagvis utover slik som «Reckoner». «Beams» minnar om «I Might Be Wrong», med eit noko røffare kjør. Poenget mitt er at bandet kunne sagt seg nøgde med eit knippe enkle  indierock låtar, i staden kjennes bortimot kvar låt gjennomarbeidd ut og unngår samstundes dei største popfellene. Eg finn nye finurlege augneblink for kvar lytting. Det hjelp også at lyden held høg produksjonsmessig kvalitet.

«Close Your Eyes and See» skapar pusterom med eit meir svevande akustisk preg, men utover den funksjonen forsvinn den i mengda. Det vert for statisk samanlikna med resten. 

Bandet skin best på sitt mest dynamiske, det er også grunnen til at «Old Desires» står att som høgdepunktet. Ein bitter vokal står i fokus med eit enkelt bakteppe, litt etter litt byggjer låta opp mot eit utbrot. Det ligg noko heroisk i synthmelodien og vokalharmoniane som kjem inn, og det heile smell inn i eit forløysande refreng. 

Tross «bekymringsrock» som sjanger endar det heile på ein overraskande optimistisk tone, og eg gler meg til neste møte. God Bless Little Ladder, eit bekymringsverdig bra album frå eit lovande band.  

8/10

Jarand Aga Baas