Svensk post-punk til folket
Hausten er perfekt for å oppdaga ny musikk. Eg høyrer alltid litt meir enn vanleg på post-punk rundt denne årstida. Hausten er liksom tida for å høyra på noko mørkare. Joy Division har vore fast lyttemateriale kvar haust i snart 10 år no, men i dag har eg ei tilråding til deg om eit band eg nyleg oppdaga, så fint kalla Makthaverskan.
Svenskane veit å laga rå musikk. Hurula, Vasterbrön, Masshysteri og Sista Sekunden er berre nokre av dei råe banda som kjem frå vår søta bror. Makthaverskan ga ut sin første fullengdar rundt 2009, og har nettopp gitt ut sin tredje. Dette er eit band som fokuserer på enkle cover og albumtitlar, men musikken er så absolutt ikkje enkel. Her finn du dei beste ingrediensane i post-punken - bass, synth, skurrete gitarar og heimsøkjande vokal. Det som er så fint med akkurat dette bandet er at vokalisten er ei dame - og eg trur jammen eg er litt forelska. For ei stemme, folkens. For ei innleving.
Eg velg å kalla dette for post-punk, men det er likevel noko litt meir "gladlaks" over heile lydbilete på denne plata. Ein "happy go lucky" versjon av Joy Division med damevokal, kanskje? Ein miks mellom gammal og ny John Olav Nilsen, litt Hjerteslag med ein liten dose Modern Love og littegranne Bauhaus på toppen med litt The Cure på sida? Eg veit ikkje anna enn at eg elskar dette meir og meir. Makthaverskan er eit festmåltid for dei som elskar musikk med meining og godt lydbilete, det kan eg sei sikkert.
Favorittlåtar: "In My Dreams", "To Say It As It Is", "Siren", "Comfort" og "Vienna"
Liten oppfordring: Eg stakk innom bandcampen deira og kjøpte t-skjorte. Stikk innom du også og skaff deg noko kult!
Patrick Fardal