Uforutsigbart, smooth og spennende!
Rikke anbefalar Glutton sin nyaste fullengdar.
Read MoreRikke anbefalar Glutton sin nyaste fullengdar.
Read MoreKva har Hallgeir i posen sin?
Read MoreBli litt kjent med vår kjære lydmann Ørjan!!
Read MoreGreen Sky Accident – Plura
Denne plata gir meg smaken på festivalsommar og utepils i solsteiken. Denne plata gir meg ei herleg kjensle av at lyse vårdagar ikkje er så frykteleg langt unna. Plura er eit stykke forfriskande powerpop i ei elles mørk og kjip årstid.
Green Sky Accident er klare med si nyaste plate og stiller igjen opp med fargesprakande låtar fylt til randen med friske melodiar. Bandet kan vel beskrivast som både powerpop og indierock men under overflata ligg det mykje meir.
Det som slår meg med denne plata er den kontinuerlege sjanger-reisa Green Sky Accident tek meg med på utan at eg heilt klarar å forstå det. Låt for låt utvidar bandet horisonten og ryddar plass for nye inntrykk og fargar. Frå leikande lett indiepop flyttar bandet seg gradvis mot eit hardare uttrykk. Lytt blant anna på «Hedge Creeper», ei låt som byggjer på vaskekte powerpop men tilfører både blastbeats og dynamiske oppbygningar i større grad.
Lyden kan likne Beachheads, spesielt med tanke på den ømme vokalen. Samstundes bakar bandet inn progressive og opne parti ikkje ulikt Dreamarcher, på «Folgefonna». Sjølv om den noko kaotiske sjangerblandinga er uvant, har Green Sky Accident funne ein fin balanse mellom melodiøs pop og fryktlaus skranglerock.
Eit av dei kulaste augneblinka på denne plata er «Slow Dance». Her høyrer eg både elementer av Queens Of The Stone Age og Mad Season, men bandets eigen stil skin igjennom og skapar ei herlig dronande rockelåt. I tillegg berre elskar eg den djupe og flytande bassen i bakgrunnen som gir rom for dei leikande gitarane fremst i lydbiletet.
Eg får kjensla av at eg har enda opp på same plass som eg starta då denne plata snurrar seg ferdig. Green Sky Accidents utforskar mange retningar i løpet av kort tid, men ender til slutt opp på det same trygge og gode powerpop utrykket. Akkurat kva ein skal kalle dette mylderet av sjangrar og stilar veit eg ikkje, men ein ting er eg uansett sikker på:
Dette er ei deilig og kompakt plate frå eit band med mykje potensiale. Plura er noko eg trur vil appellere til mange. Både på grunn av dei friske popmelodiane, men også dei finurlege musikalske augneblinka som verkeleg fangar merksemda di.
8/10 TRYNER
Jarand Aga Baas
Bjørnars toppliste!
Read MoreTopplista til Fritz-Ragnvald!
Read MoreJarands toppliste frå året som har gått!
Read MoreFørste platemelding i det nye året!
Read MoreRikkes toppliste!
Read MorePatricks toppliste!
Read MoreSondres toppliste!
Read MoreDå sparkar me i gong med årets topplister! Først ut kjem dei platene redaksjonen har blitt einige om i fellesskap.
Read MoreLitt synsing om den nye Purified In Blood demoen!
Read MoreWobbler får full pot med sin nyeste fullengder
Read More