Porto Geese - "Tea"

Foto: Halvor Eggen

Foto: Halvor Eggen

Den nokså ferske duoen Porto Geese signerte for kort tid sidan med Sheep Chase Records, og gir ut debut-EPen Close 7.februar. Før det kjem singelen “Tea” 24.januar, men du kan sjølvsagt høyra den her hjå oss først!

Duoen held til i eit krysningspunkt mellom noiserock og deathrock, med mykje godt og blanda i miksen. Stikkord er gitarveggar og synth! Blir jo ikkje betre enn det, vel?

Sjekk dei ut når dei speler under By:Larm, om du veit kva som er best for deg. Dette må jo berre bli skamfeitt live.

Eg vil ikkje sei så mykje meir, høyr ut “Tea” nedanfor!

«Tea» begynte som en sukkersøt pop-ballade-demo, men så transformerte den seg om til en tivoli/karneval-låt på øverommet. Vi har mistet kontroll over den. Hele EPen har kanskje blitt et slags soundtrack til når ting er litt ute av kontroll.
— Porto Geese

Patrick Fardal