Leiaren: Leit, så vil du finna

Det er noko som brenn litt i meg som eg berre må få ut. Eg tek utgangspunkt i ein status eg skreiv for nokre dagar sidan på Facebook:

56744664_2104773446265598_3591442307066363904_o.jpg

“Dei som meiner at musikken var betre før bør ta seg ein ekstra titt utanfor mainstreamen, tenkjer eg me seier. For all del, eg vaks opp med blant anna Bob Dylan, Barclay James Harvest, Led Zeppelin, Jayhawks og Warren Zevon (takk pappa), så eg set absolutt pris på musikken frå før i tida. Men ein kan rett og slett ikkje leggja alle korta sine på det «alle» høyrer på for å samanlikna då og no, vel? Bør ein ikkje også ta med det som ligg under overflata? Nokon vil sikkert seie «Jamen PÆTTRIKK, undergrunn er jo berre skrike og skrålemusikk!» Nei, det er ikkje det. Noko er det sjølvsagt, men det er så absolutt ikkje utelukkande blastbeats og reint helvete. Om folk tør å bevega seg utanfor det radioen spyr ut til den store gullmedalje finn du faktisk noko for ein kvar smak, det er eg sikker på. Ikkje dra all musikk inn under same kam, det finst så uhorveleg mykje meir der ute enn topplistene dei største og mest velkjente musikkmagasina publiserer.”

Mitt poeng er at det rett og slett ikkje går an å samanlikna musikken då og no utan å ta med undergrunnen i miksen. Det finst mange av oss som høyrer på rykande fersk musikk, og det er ikkje Cardi B, Drake eller Kygo. Det er ikkje mainstream hitlister. Det er ikkje dei låtane radiostasjonar pumpar ut til massane. Det er noko heilt anna, som dessverre blir overskygga av dei store aktørane som sit med all makta. Og ja, ofte er det undergrunnen serverer uendeleg mykje betre enn noko anna (utan å kalle alt på overflata for søppel, ikkje misforstå meg).

Ærleg tala så gjer radiostasjonane og topplistene på til dømes Spotify ein dårleg jobb for å fremja spanande og allsidig norsk musikk.

Eg tykkjer ikkje synd på dei unge i dag. Dei har all moglegheit til å finna ny og dødsbra musikk der ute, som så absolutt held mål om ein på død og liv må samanlikna den med fortida. Problemet er at dei ikkje får høyrt det utan å faktisk leita litt. Legge inn litt innsats for å grava opp det som ligg under bakken. Ærleg tala så meiner eg at radiostasjonane og topplistene på til dømes Spotify gjer ein dårleg jobb for å fremja spanande og allsidig norsk musikk. Kvifor trur du sider som Evig Lyttar eksisterer? For å visa folk at det finst så MYKJE MEIR der ute! Søren heller. Folk får fiks ferdige lister frå “toppen” som dei høyrer ihjel. Og kva inneheld dei listene? Det folk flest høyrer på. Eg skal ikkje leggja ut om algoritmer og heile den pakka, men folk må rett og slett byrja å grava litt sjølve.

Me kan ikkje berre stappa i oss det som blir servert på eit sølvfat og ta det som fasiten på det som kjem ut, vel? Me kan vel ikkje med hånda på hjartet sei at mainstreamen er musikken som skal definere verkelegheita, berre fordi dei store stygge musikkulvane seier at det er sånn? Dei må jo ha pengar veit du, så dei spyr ut låtar som genererer lytt. DET AT RADIOEN SPELER EI LÅT GONG PÅ GONG ER IKKJE DET SAME SOM Å SEI AT DEN LÅTA SKAL DEFINERAST SOM “BEST AKKURAT NO”!

Ikkje gløym at det alltid har eksistert dårleg musikk. 70-talet var ikkje berre reint, skinnande gull. Det har eksistert dårlege låtar så lenge musikk har vore ein del av den menneskelege kulturen. Det er ikkje noko nytt. Heldigvis er smaken akkurat som baken, delt! Tenk om alle skulle høyrt på det same, som ein gjeng sauer , valsande etter gjetaren fordi det er den lettaste vegen.

Realiteten er at me har tilgang på ein heftig mengde musikk i dag. Mykje meir enn før. Folk lager potensielle hits frå soverommet sitt. Me får så lett tilgang at det er skummelt. Nokre gonger går ei låt gjennom nålauget, og blir til det me kallar “populærmusikk”. Men me kan ikkje vere så late at me lener oss tilbake og berre tek imot det me får servert, for så å klaga på at “musikken var betre før”. For meg er det rett og slett ikkje logisk.

Eg legg ved den rykande ferske spelelista vår “Vekas Øyresus”. Denne blir oppdatert ofte, så eg rådar deg til å følgje den. Der kjem det mykje rått, i alle moglege sjangrar, både lokalt og internasjonalt. Sjekk den ut, gå inn på artistane og trykk på til dømes “Fans also like”! Utforsk litt. Lag dine eigne lister! Gå inn på Bandcamp, lag deg ein brukar og saumfar det dei har der - eg har oppdaga utruleg mykje ved å gjere det sånn.

Takk for meg.

Patrick Fardal