GRANT THE SUN - Sylvain

47577893_2123419601305127_6097839784829386752_o.jpg

På tampen av tiåret dukka det opp ein ny EP frå Grant The Sun, og tredje utspel, Sylvain, er utan tvil bestenotering frå dei joviale og humoristiske oslokarane. Mykje er nøyaktig som før. Betongtunge og seige riff med tydelege nikk til djent og progrock, der ein vokalist kunne sendt låtmaterialet inn i katalogen til alt frå Meshuggah til Korn til SIBIIR til Insense. Sjølvsagt ikkje så merkeleg når bandet består av folk frå sistnemnde, og dei har fått basslegende Fredrik Thordendal frå førstnemnde med på plata. Kvalitetsgaranti! 

Men kva er det som er så mykje betre no? Vel, humoren hjå Grant The Sun har alltid vore genial, men konteksten og samanhengen er tydelegare no, og det gjer heile plata sterkare. På Simmar ur bild tykte eg lyttaren måtte famle for mykje på eiga hand, men på Sylvain er meir info på plass. Me får innleiingsvis opplyst at svartmetallpandaen Sylvain (eg har så mange spørsmål) er fortapt i verdsrommet, men mora hans er truleg på Jupiter, så difor tek me turen dit (eg har framleis mange spørsmål). Sjølv om den gjennomsnittlege evige lyttar kanskje ikkje har franskkunnskapane som trengs for å fanga alle referansene, så gjer låttitlane og coverarten sitt til at dei fleste forstår kva det går i. Me er på frankofil pandaromferd, der me startar svevande i verdsrommet ("Dans l'espace"), kjempar oss gjennom ein asteroidestorm ("Tempête d'astéroïdes"), før me etter ein vågsam og hasardiøs ankomst ("Arrivée dangereuse") tek inn inntrykka frå Jupiter. Tematikken, om enn heilsprø, er ein perfekt match til musikken, som også har blitt nokre hakk meir kompleks, post-metalinspirert og svevande sidan Simmar ur bild. Alt dette er sjølvsagt positivt, og meir i tråd med førsteskiva.

Eg må diverre melde at spoken word-mumlinga gjer at eg ikkje får heilt klart for meg korleis det går med Sylvain på Jupiter eller kvifor han er trist. Dette gjer truleg min tidlegare fransklærerinne Lien både vonbroten og motlaus, men at nokre element er grugne tek ikkje noko særleg frå opplevinga av Sylvain som ei strålande instrumentalplate. Og kva faen folkens, Jupiter er ein gasskjempe utan fast overflate og Sylvain er ein svartmetallpanda. Eg seier hjarteleg takk for at Grant The Sun har ført dei to saman og så drit me ein halv måneferd i alle andre spørsmål. 

Unntatt eitt. Er pandaen oppkalla etter leiaren for Canadas verdsrometat?

9/10 TRYNER!

Marius H.D. Salvesen