Splid, Svartmetall og Sabotasje

I dag kom Splid, den fjerde fullengdaren til sjølvaste Kvelertak! Vår kjære mailansvarleg/Skribent Marius var på ballen, og tok ein prat med gitarist Vidar Landa om blant anna prosessen etter utskiftingane i bandet, om låtane på plata og om stemninga innad slik den er i dag.

Kos deg!


Alle foto: Vidar Landa

Alle foto: Vidar Landa

Hei, det er Vidar!

Ja god dag, det er Marius frå Evig Lyttar her. Klar til intervju?

Ja, heisann. Absolutt!

Flott! Korleis står det til? Klar til å sleppe katta ut av sekken? 

Du, eg er heilt klar. Me gler oss veldig alle saman. 

Altså, eg tenkte først å høyre litt om prosessen fram til nye plata, og så litt om kvar enkelt låt på skiva. Til sist nokre meir generelle spørsmål. Av musikkjournalistisk omsyn må eg jo melde om at eg har høyrt gjennom plata og diggar den. Så dette blir neppe eit frykteleg kritisk intervju, for å seie det slik. 

Så bra! Kult. Du får berre fyra laus, så skal eg svara så godt eg kan.  

Ny plate, Splid. Me tek platetittelen først. I presseskrivet står det at Splid referer til status quo og den polariserte stemninga i verda, men også til alt kva Kvelertak står for. På vegne av alle nyfikne lesarar må eg spørje om det også referer til prosessen innad i Kvelertak etter at Erlend ga seg i 2018? 

Nei, det gjer ikkje det spesifikt. Det er ein tittel som passar meir generelt til innhaldet på plata, men som kanskje kan høyrest litt dramatisk ut i bandsamanheng.

Men har det vore splid innad i bandet? 

Det har jo vore ein til tider intens periode, med utskiftingar og mykje nytt, så platetittelen er vel litt diffus sånn sett. Men Splid er meir ein link til motsetnadane og kontrastane som finst på plata. Så platetittelen er meir ein overhengande skildring av bandet, innhaldet i musikken og tekstane på plata, og verda som heilskap, enn det er knytta til prosessen internt i Kvelertak.  

Når me står med Splid som fasit i handa så vil truleg mange meine at Kvelertak, med ny vokalist og ny trommis, har kome sjukt bra ut av ein situasjon som kunne ha blitt utruleg vanskeleg, og i verste fall satt heile bandet over styr. Kan du seie noko meir om tida frå 2018 og fram til no i tidleg 2020? Korleis har du opplevd den? 

Den var jo litt kaotisk, den overgangen i 2018. Når Erlend slutta var me jo midt ute på turné med Metallica, som på ein måte er det største me har gjort så langt i karrieren. Me var kome oss til eit nivå der det var begynt å vere behageleg å vere eit band. Då var det rart å plutseleg måtte ta stilling til at nokon ville gje seg.

Var meldinga ei bombe internt? 

Ja, altså, første gong det var snakk om det var det jo det. Men samtidig så har me jo haldt på i ti år og folk utviklar seg forskjellig. I starten trudde me vel ikkje at me skulle halde på i ti år heller, og ha Kvelertak som fulltidsjobb. 

Aldri gått på jobb igjen? 

Hehe, nei, eg har faktisk ikkje det, nei. Så med ein gong nokon ville gjere noko anna blei det ein slags reality check for resten av oss. Kva skulle me gjere hvis ikkje me hadde bandet? Me andre hadde jo planar og var klare for å fokusere på ei ny plate. Me hadde meir å koma med, og var så absolutt ikkje ferdige med bandet. Då måtte me jo finna nokon som kunne overta mikrofonen etter Erlend, og helst gjere det betre. For det er ikkje vits for nokon av oss å spela i band berre for å spela i band. Det må vere skikkeleg bra, for det legg jo grunnlaget for alt me held på med elles i livet. Så sommaren 2018 og framover var sjølvsagt ein periode som var kaotisk, intens og spesiell, heilt fram til me snakka med Ivar og han hadde lyst til å ta over. 

Korleis var det?

Mange i bandet har vore store fans av Ivar frå før me i det heile teke begynte med Kvelertak. Så det å få inn ein fyr som me kjente og visste var bra, det var utruleg deilig, og ga enorm inspirasjon til å komme i gang med ny plate. Då var det berre å gønne på vidare. 

Hadde de starta prosessen med Splid før Ivar kom inn? 

Nei, ikkje ordentleg. Me var jo eigentleg på turné, som me jo alltid er, og det var noko fokus under Metallica-turnéen på å komme i gang med nye plata. Nokre riff var på plass, men me var ikkje skikkeleg i gang. Så Ivar har på ein måte vore med på heile prosessen med Splid

Kor viktig har det vore for Kvelertak som band at Ivar kunne vera med på å forme Splid

untitled (8 of 9).jpg

Mest av alt har det sjølvsagt vore heilt avgjerande at me fekk ein så sterk vokalist. Fordi viss me ikkje hadde fått han, så, vel, eg vil ikkje seie at me ikkje hadde fortsatt, men det hadde vore eit slag for baugen og det ville nok teke ganske god tid før me hadde hadde klart å funne nokon erstattar. Det er litt vanskeleg  å seie kor langt det hadde gått. Det kan jo vere me hadde mista motet. Og det vil jo med andre ord seie at det at Ivar takka ja til å bli med, og var såpass gira, har vore heilt enormt viktig. 

Om Kvelertak kun tilsetter tidlegare gjestevokalister så har me Hoest og Troy Sanders som neste? 

Haha, ja. Men nei, det er jo noko spesielt med at Ivar er frå Rogaland, han kan synge dialekt og skarre på r-ane, det hadde ikkje høyrt det samme ut om det var på østlandsdialekt, for eksempel. Det er jo eit veldig pluss med Ivar.

Som du nemnde så har de jo holdt koken i ti år, og for mange framstår Kvelertak som bandet som tydelegast definerer norsk rock og punk frå det siste tiåret. De har blitt eit referanseband, eigentleg. Korleis har de det med å ha komme dit? Er det noko de reflekterer over? 

Ja, eg har i alle fall reflektert litt over det dei siste åra. Og her kan eg jo berre svare for meg sjølv. Men eg kjenner det har vore litt viktig. For når eg har prata med folk om Splid, og sagt at den kjennast som ei viktig plate og Kvelertak kanskje har noko å bevisa, så handlar det ikkje berre om at me får det til å funke med ein ny vokalist. Det handlar like mykje om at me kom ut med ei plate for ti år sidan som satte ganske sterke spor, og det å kunne fortsette å gi ut plater som føles relevante og vere eit band som har noko å komma med, er viktig. Me skal ikkje berre vera eit band som, hehe, gir ut ei plate og reiser på turne, det skal verkeleg føles som musikken er gjennomtenkt og at den er ordentleg, ordentleg bra. Det trur eg me har fått til med Splid, og noko av grunnen er at me tek oss god tid. Platene kjem når dei kjem, når dei er klare, og det er jo der ein ynskjer å vere som band. Så det er vel eit slags relevant svar på spørsmålet: Me veit at me har hatt både ein påvirkningskraft og vore eit band som mange forbinder med norsk rock. Og me er ikkje heilt klare til å la andre segle forbi, hehe. Me ynskjer framleis å være i front! 

Så då trugselen frå The Good The Bad and The Zugly (GBZ) vart for stor var de nøydd til å rekruttere vokalisten? 

Ja. Og me kjem sjølvsagt til å fortsette å sabotere alle band som kjem nære. 

Nydeleg. Apropos GBZ, så sit eg med litt samme kjensle når eg høyrer Splid som då eg høyrde Algorithm & Blues. Det er utruleg mykje å oppdaga, mange musikalske småsnacks, mykje å utforske. Som lyttar er det ein utruleg god kjensle. 

Ja, og der har Ivar vore eit godt tilskot. Ivar har skrive mykje tekst, me har skrive ein god del tekst saman, og det har vore ein gøy prosess. Eg har jo litt tenkt at det får være grenser for kor lenge ein kan synge om Tor og Odin, så det å få inn nye, friske idear på tekstfronten har vore veldig kjekt. 

Då må eg spørje: Kven har skreve Necrosoft? For det er noko av det beste eg har lest på veldig lenge. 

Hehe, heilt enig, ja, heilt einig. Den har Ivar skreve. Den står jo så støtt som eit dikt, rein poesi. Hehe. 

Låta opplevast jo som, mellom anna, tydeleg retta mot samtida og som ein slags kritikk av overdreven naivitet i det grøne skiftet og det å kvi seg for å ta eit tydeleg val. Er det bevisst meir samtids- og samfunnsfokus i Kvelertak anno 2020? 

Nei, tjaa, altså sjølve teksten til Ivar er jo knytta til ting me snakker mykje om. Der har ikkje vore bevisst å skulle dra inn samfunnsaktuelle ting i Kvelertak, men det er jo naturleg at ting me pratar mykje om finn vegen inn i bandet også. Og her er Ivar flink til å formulera ting på ein kul og morsom måte. 

I Necrosoft er det vel ein viss grad av sjølvkritikk og sjølvironi ute og går også? 

Jaja, sjølvsagt, det handler jo om noko me står oppe i alle sammen. Det er mykje moralisme på gang og mykje snakk om grøn framtid, men folk vil framleis ha i pose og sekk. Og det er jo like mykje ein kritikk av oss sjølv som andre, for sjølv om me ikkje akkurat er eit stort oljeselskap, så er det ein del hykleri ute å går hjå oss og alle andre også. Og eg tenkjer at låta handler ikkje berre om miljømessige omsyn, men meir om at me alltid vil ha meir. Uansett kva det er. 

Tekstdiskusjonane her syner jo ein vesentleg skilnad frå tidlegare. For dei fleste er det framleis store sorte hull i tekstane som Erlend har produsert, medan noko tekst frå Splid allereie er ute og tilgjengeleg. Eg tenkjer at enklare tilgang til tekstane kanskje gi ein ny giv til lyttarskaren? 

Ja. Jo. Eg er jo sjølv mykje meir opptatt av tekst enn andre i bandet, og eg veit at mange rundt omkring også er opptekne av tekstane, så eg ser absolutt at meir openheit kan gjere Kvelertak meir interessant. Det er jo eit par som har kome ut på nett, dei har blitt lekka, for eigentleg var det ingen som skulle sjå tekstane, men det hamna ut av våre hender. Det var vel eit amerikansk plateselskap som ikkje fekk memoet, haha.

Som lyttarar får me vel vera takksame for den glippen, då. Du får rose og kjefte plateselskapet i same vending. 

Sjølvsagt. 

Kva med nye trommisen? All praten går jo på Ivar, men kor dukka Håvard Takle Ohr opp frå?

Nei, han er jo heilt rå og vanvittig flink. Han sit litt i veggane på øvingslokalet frå før, og han var tidlegare klar til å steppe inn på ein turné i Australia der det var risiko for at Kjetil [Gjermundrød, tidl. trommis] ikkje kunne stille. Han har også spelt inn musikk med Bjarte tidlegare, så me visste godt kven Håvard var også. Fantastisk trommis og fyr, så då Kjetil fekk lov til å slutte, så var heldigvis Håvard klar umiddelbart. Det er me glade for. 

No tenkte eg at me skulle gå gjennom Splid låt for låt. Då kan dei detaljorienterte lesarane hjå Evig Lyttar få dine kommentarer supplement til sine eigne spekulasjonar. Er det greit? 

Yes. En krevjande disiplin, men me får prøve. 

Så, første låt. Rogaland. Er det ein hyllest til fylket som overlevde reformen eller  ein enkel lokal forankring for plata? 

Hehe, jo, begge deler eigentleg. De fleste av oss i Kvelertak er jo frå Rogaland. Men det er Ivar som har vakse opp i oppe i heia, i naturen. Så låta er jo på ein måte ein hyllest til alle dei flotte ressursane og tinga me har i Rogaland, til fylket som har gitt masse rikdom og velstand til resten av landet. Men samtidig ligg det ein sarkastisk undertone i låta. Rogaland leverte jo staute krigarar i vikingtida som plyndra laus, og plyndringa har me jo på ein måte berre fortsett med. Forskjellen er at ein no plyndrer naturressursane og ikkje munkekloster i England. Så det er ein tosidig låt, utan tvil. 

untitled (4 of 9).jpg

Crack of Doom. Ragnarok?

Yes!

Eller røyrleggjarsprekk? 

Haha, røyrleggjarsprekk jo, kanskje begge deler. 

Nei, altså, orsaking, eg høyrde på låta samtidig som ein kollega bøygde seg ned, og kva skal ein seie… vel, timinga var upåklageleg. 

Jaja. Sånt skjer.  

Men låta framstår beint ut som ein fullblodsrockar. Kva vil du seie om den? 

Nei, me føler vel at det er den typiske Kvelertak-rockelåta som me har representert på alle platene, gjennom “Bruane Brenn” på Meir og “Nattesferd” på Nattesferd og no Crack of Doom på Splid. Rockelåtar! Og så var det veldig kult å få muligheten til gjere det saman med Troy [Sanders, frå Mastodon, red. anm]. Pluss at dommedagstekstar og tema går jo ikkje av moten. Men det var veldig kult å få Troy til å syngje det eg vil kalle typiske Ivar Nikolaisen-tekstar. Du veit, “Born with a lack of PMA, I’ve got judgement day in my DNA”. Det er nok eit av høgdepunkta mine på plata. Det var utruleg gøy å høyre resultatet då me fekk det oversendt frå Troy. Altså korleis han synger Ivar sine ord med stor overbevisning. “Crack of Doom” er steintøff, altså. 

Necrosoft har me jo snakka om, så den hoppar me elegant bukk over. Kva så med Discord? Engelskpråkleg og tittelmessig i nokolunde same landskap som Splid?

Ja, og eg føler vel det er ein typisk pønkerocklåt, og der fekk me jo me oss Nate [Newton] frå Converge, som gjorde at me kunne køyre låta på engelsk. Me har hatt lyst til å eksperimentere med engelsk lenge, og når me fekk med både Troy og Nate var det berre å få det på. “Discord” seier vel noko både om den interne Kvelertak-dynamikken, som kan være litt kaotisk sjølv om bandet eigentleg står støtt. Elles er det jo eit klassisk Bjarte Lund-Rolland riff. Eg føler du kunne satt på den sangen der kva tid som helst og du hadde kjent den igjen som ein Kvelertak-låt. Discord er ein bra representant for både plata og bandet, eigentleg. 

Bråtebrann. Singel. Eg stod faktisk midt ute i åkeren for å brenne nokre kvister då låta dukka opp fyrste gong.

Haha, de er mykje her på plata for deg ja, både bråtebrann og røyrleggjersprekk. Det er bra me er relevante for lyttarane sin kvardag. 

Men med Bråtebrann snakker me tydeleg norsk forankring i kraft av både omgrep og fenomen? 

Ja, som me snakka om tidligare så ville me jo dra inn litt andre særnorske ting enn norrøn mytologi, og Bråtebrann høyrest jo veldig tøft ut. Kanskje tøffare enn hvis man faktisk veit kva det er, haha. Men det er jo ein slags skildring frå Ivars oppvekst med mange tydeleg tekstreferansar til ein stor helt for meg og Ivar; Tønes frå Sokndal i Rogaland. Så dei som kjenner godt til han vil fanga opp nokre måtar å skriva om den type ting. “Bråtebrann” er vel det meg og Ivar vil beskrive om satanisk Tønes, hehe. 

Satanisk Tønes. Då siterer eg deg på det og sender lesarane ut på jakt i diskografien hans?

Hehe, jaja, det er heilt topp det, det vil me veldig gjerne oppfordra til. 

På neste låt er me i avdelinga for lokalhistorie. Fanden ta dette hull! Umiddelbart tenker eg dette er ein vanvittig kul og variert låt som ganske enkelt fortel den fascinerande og grufulle historien om Even Olsen Tagholdt. Men kva med tittelen? Kor kjem den frå?

Nei, altså, han satt jo fengsla nede i gamlefengselet på Moi [i Lund kommune]. Eg er litt usikker på om det fengselet framleis står der, det må du neste dobbeltsjekka me ein lokalhistorikar. Men då han satt der hadde han i alle fall rissa inn “Fanden ta dette hull!” i veggen, så det er der tittelen kjem frå. 

Det er jo ein kul måte å forankre plata lokalt på? 

Ja, einig. Eg synes det er gøyalt å finna nye historier å fortelje, og då kanskje spesielt sånne som denne, som er både fascinerande, grotesk og lokalt forankra. Så i staden for å dra dei gamle kjende krigshistoriane eller kva som helst anna, så fant me ein ganske episk lokal variant av eit ganske utsvevande liv.

Sjølv i byråkratiske og seinvorne Noreg framstår det jo litt merkeleg å ha ein dauing på museum i eit par hundre år og så finne ut at han skal gravleggjast, så det er utan tvil ein historie verdt å fortelja. 

Ja, og det er jo aktuelt, det er noko som har vore opp til debatt. Kva skal ein gjera med gamle skjelett? Dei har jo ganske mange av dei, og andre gamle rare ting, sjølvsagt, nede på Stavanger Museum. 

Mange skjelett i skapet? 

Ja, hehe, det er kanskje meir å hente der. 

Kva så med Tevling? Det er vel Boston-låta, for å seie det sånn?

Det er det, absolutt. Det er vel ein typisk låt som viser litt kva me har mulighet til å gjere med ein vokalist som Ivar. Mannen syng jo faktisk. “Tevling” hadde ikkje funka med kun skriking, tykkjer me, så den står som eit bra eksempel på tinga me har hatt veldig lyst til å gjere, og som me no faktisk kan gjere. Og så er det jo balladen på plata. Eg føler at det hovedriffet, med dei der bøygingane som går, òg er typisk Kvelertak. Så sjølv om sounden på låta og måten Ivar syng på kjennast litt ny, så er det heile gjenkjenneleg. Eg trur jeg hadde kobla at dette er Kvelertak sjølv om eg hadde høyrt det heilt ut av det blå. 

Neste er satanlåta, for satantittelen skal med. Fast inventar. 

Ja. “Stevnemøte med Satan”.

Og kva er det? 

Det er vel eigentleg, kva skal me seie, for det fyrste ein litt meir proggete låt som eg sjølv kicka veldig på sjølv tidleg i prosessen. Altså, “Stevnemøte med Satan” er historien om ein karakter som kan være kven som helst, deg eller meg, som går på smell etter smell etter smell gjennom livet. Og kvar einaste smell er som eit Stevnemøte med Satan. 

Slike smellar over tid kan vel føre fram til Delirium tremens. Ein tilstand trigga av for eksempel eit søvnlaust alkoholmaraton. Er den låta ein slags kommentar til punkrocklivsstilen? Kva ligg i tittelen? 

Nei, altså, det var ein veldig gøy låt å laga. Den gjorde me veldig mykje saman på. Ein litt sånn jammed-out låt frå øvingslokalet som på berre fortsatte med riff etter riff etter riff etter riff. Tittelen passer bra til den tekstmessige og musikalske reisa låta tek oss med på. 

I sistelåta, Ved bredden av Nihil, er det jo eit hav av openberre svartmetallreferanser. Er det litt ein siste langfinger til alle fåmingane som går og surmuler over at det ikkje er nok svartmetall i Kvelertak? 

Tjaeæh. Nei. Altså, fyrst og fremst så har eg slete litt med å forstå heile den der svartmetalldiskusjonen kring Kvelertak. Det har jo aldri vore voldsomt mykje svartmetall hjå oss. Og det er jo like mykje blastbeasts på denne plata og Nattesferd som på første, eigentleg. Og når nokon kalte fyrste plata black metal så blei alle dei andre sure fordi det var jo ikkje black metal, ikkje sant, så akkurat de greiene der må eg innrømme at eg ikkje heilt forstår. Men ja, jo, sånn sett er “Ved bredden av Nihil” kanskje den kulaste tilnærminga me har hatt til black metal. Så, hehe, ja, kanskje ein liten langfinger til dei som sit og masar om det. 

Er det sånn at du eigentleg ikkje gidder å ta stilling til alt svartmetallpratet?

Nei, nei, slett ikkje. Eg har ikkje noko problem med å forholde meg til det. Eg er jo oppvaksen med svartmetall, og det står sterkt hjå både Bjarte og Ivar, og ikkje minst hjå Erlend. Så det er utan tvil eit element som ligg i Kvelertak, som alltid har vore der, men samtidig litt på sida av alt som står mest sentralt i bandet. Det er ikkje svartmetall Kvelertak primært dreier seg om, og har aldri vore det. 

Sjå der, då har me vore gjennom samtlege låter. Godt jobba*! Eg tenker meg tar eit par litt mer generelle spørsmål om bandet til sist, hvis det er greitt? 

Jaja, køyr. 

Du nemnte Metallica-turné som karrierehøgdepunkt. Er det to strekar under det svaret? 

Njæih, altså det er jo eit karrierehøgdepunkt som den største turneen me har vore på. Men for oss personleg er det jo mange høgdepunkt. Alt frå dei fyrste utselde konsertane til festivaler me hadde drøymt om å spele på, så det er jo mykje, eigentleg. Men i forhold til skala og det å spele foran antal folk så er det jo absolutt Metallica-turneen som er topp. Og sjølv om det var litt turbulent internt undervegs, så var det ei inspirerande og kjekk oppleving. Det var utruleg å sjå kor bra Metallica held seg og kor dedikerte dei er til de dei held på med. Kor mykje dei bryr seg, eigentleg. Det var kult å sjå på nært hald. 

Om me snur det heile på hovudet, korleis er Kvelertaks kopling til det som suklar og boblar i undergunnssuppa no om dagen? 

Ja, altså, hovudlinken er jo at me er svært interessert i musikk. Me tek jo gladeleg med unge og nye band på turné. Men Kvelertak som band har aldri hatt nokon definert undergrunnsambisjon, me har berre hatt som mål å vere eit rockeband med catchy låtar. Men sjølvsagt, me kjem jo frå ein plass me òg, og nye idear kjem gjerne ikkje frå veldig etablerte band på toppen. Og eg tykkjer jo det er utruleg kult at det eksisterer ei sterk scene, som til dømes kring Vaterland i Oslo eller andre stadar i landet. Møteplassane og småkonsertar er enormt viktige for heile kulturen, eigentleg, og me tek jo regelmessig turen. 

untitled (5 of 9).jpg

Kva med nokre musikktips? Noko gull frå undergrunnen, eller går det berre i Splid for alle penga hjå deg? 

I år har jeg faktisk aktivt prøvd å høyre på nye ting, for det blei utruleg mye Kvelertak og øvingslokale i fjor. Men, eg klarer aldri å svare på desse spørsmåla, svaret kjem først fram hjå meg to timar seinare. Typisk. Men jo, eg har hørt utruleg mykje på ein EP frå Aon Brasi som heiter Down in Mid City. Strålande sak. Den er vel for dei som liker Alice Cooper frå 70-tallet, Deadboys eller Johnny Thunders. Elles har vel Kvelertak ein Artist’s Pick-liste på Spotify ein gong i blant, der køyrer me mykje norsk. 

Gode tips. Til noko heilt anna: Har de ein husfar i bandet? 

Kva legg du i husfar? 

Nei, det er vel ein som held litt ekstra orden på ting om det trengs.

Tja, til dels er det vel meg. Eg får ofte litt ansvar for å halde skuta på rett kjøl oppi alt kaoset, så eg ender også opp med ein og anna ryddeprosess. Men nei, me er eit likestilt band med sterkt demokrati, og alle har ulike roller. Bjarte han har jo… altså eg kjem ikkje på nokon anna moderne rockelåtskrivar som han. Han har mykje av det kreative ansvaret. Marvin driv med mykje design, og det samme med Maciek, som er med på alt mogleg forskjellig. Alle i bandet har ting dei er sterke på som dei tek hand om. Så, hehe, me her vel mange husfedre. Og det er viktig  å påpeike at det er mange som fortener cred for alt som skjer med Kvelertak. Det er ikkje eit one-man-show. 

Høyrest ut som eit godt fundament for turné, og no skal de jo straks ut på vegen igjen. Er det, erfaringsmessig, nokre byar i Noreg som er særs gode å sjå Kvelertak i? 

Vel, generelt så synes me det er topp å spele i Noreg. Det er alltid så god stemning. Me er jo så heldige og privilegerte at folk dukker opp for å sjå oss overalt, så me føler litt me får det beste av alle plassane me kjem. Så me gleder oss. Men jo, akkurat no er det kult at me får reist til Nord-Norge på første turnérunde med Splid. I løpet av festivalrunden i fjor sommar var me jo på både Bukta i Tromsø og Parken i Bodø, og det var heilt vilt og noko av det kulaste me gjorde heile sommaren. Me kosar oss alltid på tur i nord, og fordi logistikken kan vere litt trøblete, og det ikkje alltid å dra opp dit, så er det kult at me skal dit i no starten med release og ikkje to år seinare. Shoutout til nord-Norge! 

Nydeleg! Tida renn diverre ut, men heilt til sist: Nettstaden vår er jo kalla opp etter ein Kvelertak-låt, så me lurte på om du har nokre ord til alle som identifiserer seg med Evig Lyttar, og som følger med og gleder seg til ny Kvelertak-plate? 

Fortsett å følge med! Det er jo utruleg kult då, ikkje minst, at det finst folk og bloggar som skriv om musikk, for det blir jo mindre og mindre av det i store aviser og mediehus rundt omkring. Så til alle som skriv og alle som følg med, fortsett med det. Og me ser jo at det er mykje folk som følg for eksempel Evig Lyttar, fordi det er eit behov for å lesa om musikk og det som skjer. Så dei største redaksjonene til lands er kanskje ikkje heilt sitt ansvar bevisst. 

Me noterer splid mellom kva folket vil ha og kva massemedia kan tilby, altså. Då står det berre att å seie hjarteleg takk til Vidar Landa for at du tok deg tid til å prate med Evig Lyttar. Me sjåast på konsert. 

Det gjer me. 

Marius H.D. Salvesen

*Ingen av oss oppdaga at me hadde gløymt å snakke om låta “Uglas hegemoni”. Kanskje ikkje så merkeleg, ettersom hubroen er aktiv på natta og Vidar vart intervjua i fullt dagslys. Skribenten beklagar, men ikkje veldig.