Kanaan - Odense Sessions

Denne eksplosive trioen serverte ein kraftsalve med debutplata si Windborne i 2018. Bandet tilbakela seg ei rekke konsertar i innland og utland i fjor, og fekk attpåtil spelt inn mykje nytt materiale med Jonas Munk. Resultatet er Odense Sessions.

På første låt vert eg møtt av eit svevande driv. Gitarane dansar i kvar sin øyrekanal mens trommene og bassen ligg pumpande under. Kanaan byggjar og byggjar, stein for stein, det ertast stadig med nye melodilinjer og variasjonar. I tråd med tidlegare materiale klarar dei å halde på spaninga. Etter rundt åtte minutt dyttast låta opp eit nivå og eit psykedelisk maskineri breiar om seg.

«Of Raging Billows Breaking on the Ground» sparkar hakket hardare ifrå seg. Trommene brøytar veg for eit saftig 70-tals rockeriff. Den voggande grooven bit seg fast, men vert raskt brote ned for så å byggje opp att. Igjen skapast det mykje større rom for eksperimentering og lydleik. Samarbeidet med Jonas Munk (Causa Sui) pregar soundet betydeleg, og har drege bandet mot ei ny utforskande retning. Dette er i hovudsak ei plate som speglar eit liveband, det som fanst av faste formar på Windborne ser ein ikkje mykje av.

Kanaan dreg mykje meir av konsert-elementa med seg inn i studio denne gongen. For det meste set eg stor pris på dei draumande partia, her finst meir pusterom. Likevel kjenner eg at tolmodet settast på prøve med «Vacant Spaces». Eg saknar riffa og driven, eg finn ikkje mange knaggar å feste låta på. Jazzrock-trioen avsluttar dog på eksplosivt vis, «Urgent Excursions to the Tundrasphere» får omsider fram den jagande energien og riffinga eg sakna på førre låt. Kanaan smell av resten av nyttårsrakettane i eit fargerikt mylder, med både skrikande sologitar og sjøsjuk synth. Sånn skal det låte.

Odense Sessions syner eit band som ikkje er redd for å prøve ut nye impulsar. Om låtane er elleve eller fjorten minutt spelar ikkje så stor rolle, det er som regel forfriskande å høyre på når bandet sender noko nytt i retning mine øyrer.

7/10 TRYNER!

Jarand Aga Baas