BALLETAK Vol.1

Skjermbilde 2020-03-26 kl. 08.21.10.png

Plateselskapet Asfaltparasitta Records kom nyleg ut med sin første utgjeving - BALLETAK vol.1. Dette er ei samleplate med seks dagsaktuelle nordnorske og punkrelaterte band, og er kun mogleg å få tak i fysisk på 7”-vinyl.

Spørsmålet er om denne plata verkeleg tek balletak på lyttaren?

Altså, det er ein god del bra her. KOBOL frå Tromsø leverer powerviolence så det syng etter i “First Trip”. (Gjer deg sjølv ei teneste, høyr heile plata "VOID” her). Dette må jo være mørketida og karantene-kvardagen i musikk-form? Galskap. Lynkjapp Terminator-intro, fastpaced riffing, altfor harde trommer og ein “tøffare enn toget” UGH vokal blanda med seige parti som riv alt kjøtet av skjelettet ditt i sakte film. Det er vondt som fy, men du likar det du, din sjuke jævel.

Vidare kjem det noko som med ein gong minnar om ein mildare versjon av nyare tids Ondt Blod - men her er det fokus på fengjande punk i litt for klassisk drakt. De Nye Blanke frå Bodø følg ein godt etablert punkeformel i “Je Suis Sosialista”, som eg har høyrt litt for mange gonger. Men, kvifor fikse på noko som allereie funkar?

Neste låt ut er “Punk-Råkk Chix” frå SLOG. Det tek ikkje lang tid før eg blir minna om Kjøtt og Betong Hysteria, med ein liten miks av gammal Misfits ein eller anna plass inni der. Denne låta kunne nok gått rett inn i soundtracken til dokumentarserien Punx på NRK.

Rumblin’ Retards frå Tromsø er nesteband ut, med “Junkies Carefree”. Refrenget her er jo som spytta ut frå Johnny Rotten i sine glansdagar. Feit låt som følg ei sikker, godt brukt oppskrift. Råtøff vokal og syrete riff då, det skal seiast.

Tromsø’s sønner Kryp har eg gleda meg til å høyra meir frå sidan dei slapp “Nazi-Helvete”. Denne gjengen har liksom noko å seie, ikkje sant? Dei har ein attitude. Med låta “#TRGGRD” leverer dei atter ein gong varene. Denne gjengen har ein tendens til å verkeleg lage ei stemning som krev meir av lyttaren enn å sitte på ræva. God variasjon er det også. “E du redd, e du redd? Skjønne du ingenting?”

Snails avslutter heile kalaset, med låta “We Are Snails, We Are Death”. Powerviolence skal jo høyra så jævlig ut som mogleg, og sånn sett så serverer Snails den råaste låta på denne samleplata. Men, det blir litt i overkant TRVE, dette. Kult at det er spelt inn live då, og det seige partiet er skikkeleg bra greier. Det heile høyres liksom ut som Mayhem sitt øvingslokale på slutten av 80-talet før alt gjekk til helvete. Til høgre her kan du høyra meir frå Snails. Bråkete greier, men det veks liksom litt på meg. Merk deg “Mayonnaise Of Snails”.

Det er så absolutt ein god dose balletak her - men eg skulle likt å kjenna det litt meir enn eg gjer no. Ser fram til Balletak vol.2!

6/10 TRYNER!

Patrick Fardal