Yukon Delta National Wildlife Refuge - Musk Ox Resort

Artwork: Eivind André Imingen

Artwork: Eivind André Imingen

Eg hugsar første gong eg fekk nyss om dette bandet. Eg fekk nokre demoar tilsendt. Ein av dei var “Musk Ox Resort”. Frysningane eg fekk av den demoen kan ikkje beskrivast med ord, så når denne låta endeleg kjem ut, må eg nesten køyra ein anbefaling.

I “Musk Ox Resort” serverer YDNWR eit “ordlaust kjærleiksbrev til det arktiske økosystemet”. Det er sterke kjensler i denne låta, det skal vere sikkert og visst. Det er som å hoppa inn i eit anna univers.

Så, om du treng å rømma litt vekk frå drittåret 2020, kan du definitivt gjere det saman med YDNWR.

Dei hadde sin første konsert rett før Koronaen smalt, så når alt dette er over kan du banna på at du vil sjå dei igjen. I mellomtida skal du kosa deg dønn i hjel med deira første låt her:

Patrick Fardal