Kosmik Boogie Tribe - Let's Rock the Fuck Out!!! Vol.1

«Hey boys and girls, you’re absolutely right, we’re gonna fuck you in the ass all night!»

Dette er eit lite utdrag frå Kosmik Boogie Tribe sin nyaste fullengdar, folkens. Det er dags for å fylle opp rockekvota atter ein gong. Jaggu på tide også. Vi trenger dette no, spesielt når 2020 har gått så ekstremt til helvete som det har.

Eg blir glad av denne plata. Eg blir energisk, fyrt opp, klikkings, drikkelysten, euforisk, kåt og sassy på same tid. I skrivande stund er eg på veg til ein båt som skal ta meg ut på sjøen, der denne plata skal spelast så høgt at sjølv alle fiskane lagar moshpit.

Tekstmessig har KBT stålkontroll på å røske saman ein haug banneord og låt-titlar med «piss» i seg for deretter å gjere det skamfeitt. Dette er noko satt på spissen, men du fattar kva eg meiner. Dei er berre så satans gode på det der. På toppen av det får du eit lydbilete som er så skittent og deilig at det blir vanskeleg å ikkje rocke ut. Resultatet av dei fandenivoldske tekstane, dei beinharde trommene, dei steinfeite riffa og dei sjukt fengande soloane blir beint fram uimotståeleg. Motörhead møter Ramones, Ebba Grøn og Misfits når Danzig var med. 

«Slow Death» er ein av dei låtane som berre treff med absolutt alt. Denne bør spelast så høgt som du berre klarar. Feelgood med den aller største F-en, med feit skrift. Det same gjeld «Shitkicker». Instant classic, som dei seier. Den sendte meg rett tilbake til plata Suck More Piss og låta «Do What You Wanna Do». Attitude så det held!

Uansett, om du ser etter noko som kan få deg gjennom dagen, veka, månaden eller resten av året, får Kosmik Boogie Tribe deg på god veg.

Favorittlåtar: «Slow Death», «Levande Begravd», «Shitkicker» og «Who’s a Punk»

8/10 TRYNER!

Patrick Fardal