Okkultokrati - La Ilden Lyse

okkultokrati-la-ilden-lyse.jpg

No er det sånn ca fire år sidan me høyrte frå Okkultokrati sist. Raspberry Dawn var eit hinsides feitt album, så når bandet annonserte La Ilden Lyse for ei tid tilbake var spenninga til å ta og føla på. Når dette hardbarka orkesteret i tillegg har ein evne til å laga noko unikt kvar gong dei er i studio, er det nesten umogleg å vite kva som kjem.“Kiss of Death” var den første smakebiten me fekk frå denne fullengdaren, og for eit steinbra måltid det var.

La meg berre sei det slik. Dette er nasty greier. Det er skittent, mørkt, seigt og røft, akkurat som den svartkledde, satanråkk-diggande kisen det alltid er gøy å gå på fest med - du veit aldri heilt kva som ventar deg. “Grimoire Luciferian Dream” er eit eksempel på dette. Seig, brutal og altfor slem. På same tid er den eigentleg litt feelgood også! Det er ekstremt vanskeleg å forklara kva eg meiner. Men, me går vidare. Det er så mykje vreng og djevelskap på denne plata at det nesten blir vondt. Vokalen er like hesleg som den er draumande, og eg veit ikkje heilt korleis eg skal reagere. Sånn eigentleg kan me seie at Okkultokrati har laga eit produkt som ikkje går an å samanlikna med noko anna. Det einaste eg kan sei er at eg elskar det.

«Freezing Vortex Death Dreamer» er endå ei låt eg må trekka fram. Eg får lyst til å fillerista dei rundt meg. Det er som å bli messa til av ein kultledar i ei hole uti skauen. «Mother Superior» har nokon satans heftige riff, som til tider minnar meg om Darkthrone - og det er aldri, aldri er feil. «The Dying Grass Moon» må seiast å vere favorittlåta. Den er heilt enkelt mektig. Dei trommene der gir meg eit slag rett i magen kvar einaste gong eg høyrer låta. For ikkje å snakka om riffa, den heilt spesielle vokalen og den totale, iskalde stemninga – kolsvarte greier. Det same gjeld i større grad «Lunatics – Mondsüchtig». Episk.

Det er noko storslått og svartmetalsk anno 1991 over det heile, med ein liten tvist. Ein okkultokratisk tvist.

Det skal seiast at det nokon plassar blir litt i overkant grautete i lydbilete, men det er vel det einaste minuset.

La Ilden Lyse er noko av det beste som har kome ut hittil i dette generelt bedritne året. Ferdig tala.

9/10 TRYNER!

Patrick Fardal