Dunbarrow - Dunbarrow III

176823_0.jpeg

Dunbarrow er på plass att med sin tredje fullengdar. Med to solide plater under beltet er allereie grunnmuren på plass, og bandet har til no arbeidd med nokså harde rammer rundt det musikalske uttrykket. «Dunbarrow III» fortsett ned ein kjend sti, men rammene rundt er det definitivt gjort noko med.

Lyden av regn og ulande gitarar er det første som møter meg. Det bygg eit nifst bakteppe, eit omen for kva som er i vente. Ingen tvil om at doom-ånden står sterkt frå første sekund. Gitarane hoppar ut framfor bakteppe og etablerer ein deilig hook som er fast bestemt på å halde deg fast. Det introduserast også eit bluesy piano godt uti låta, men det kræsjar med eit parti som allereie har etablert ein god dyster drive. 

«Death That Never Dies» kjennes likevel ut som ein lovande start med eit større melodisk fokus enn tidligare.

«In My Heart» baserer seg i større grad på den gamle doom-estetikken og minnar sterkt om materiale frå første plata. Låta har ein struktur litt utanom det vanlege og byr på heile to gitarsoloar. Rundt 2:30 kjem det som kanskje er eit av bandets tyngste parti der dissonante riff og eksplosive trommer smeltar saman i skjønn forening.

Dunbarrow verkar å vere meir rastlause enn før, noko eg trur er sunt. Dei greier til dels å fornye seg gjennom eit utvida lydbilete og låtar av produksjonsmessig høgare kvalitet. Eg har ingenting å utsetje på stilen, men nokre låtar ligg for tett opptil kvarandre i utforming.

Dei greier å overraske meg med «Turn in Your Grave», ei rolegare låt som nærmar seg ballade-kategorien. Med dempa gitarspel samt ein god dose mellotron(?) driv låta sakte men sikkert framover. Bandet sper på med kløktig effektbruk og perkusjon etter kvart, eit viktig avbrekk frå dei tunge riffa. Her vert også mykje rom for vokal, nedpå og ektefølt skin den godt igjennom. Det høyres nesten ut som ei eldgamal piratvise, doom-shanty om du vil.

Som nemnt skiltar «Dunbarrow III» med ein produksjon av høgare kvalitet, noko som pregar plata i sin heilhet. Det let klarare, vokalen er tydelegare og syttitalslyden har fått ein makeover. Mykje av det dunkle og grumsete preget er bytta vekk til fordel for eit meir fokusert uttrykk,  utan å myste sin karakter. Det har opna døra for både tyngre materiale og låtar som «When It’s All Over». Ei låt som er uptempo til Dunbarrow å vere. 

Det avsluttast med «Turns to Dust», ein svingande kraftdemonstrasjon med sterke Ghost-vibber. Eit rakrygga punktum på eit positivt gjenhør med Dunbarrow. 

7/10 TRYNER!

Jarand Aga Baas