Shevils - Miracle of the Sun

Artwork: Art Of The Gemini Viking Chris Faccone (https://www.facebook.com/chrisfaccone)

Artwork: Art Of The Gemini Viking Chris Faccone (https://www.facebook.com/chrisfaccone)

Bandcamp: https://shevils.bandcamp.com/track/miracle-of-the-sun

Sist eg skreiv om Shevils hadde eg den rosabloggen i 2015. Då var det The White Sea som var greia. Den meldinga er no bortevekk, dessverre. Men eg kan banna på at eg skreiv lovord der, og at det var noko sånt som at Shevils skapar eit unikt univers med ein beintøff soundtrack. 6 år seinare er det Miracle of the Sun. Shevils har ikkje endra seg så mykje, men saft suse som dei leverer.

Det heile startar med “Black Ace” , ei låt i skikkeleg Shevils-ånd. Dette er fengande, hardtslåande greier. Miksen mellom det kjappe og det seige kombinert med den bølfeite vokalen gir meg frysningar langt opp etter nakken. Dei låtane som stikk seg mest ut for meg er førstnemnte, “Miracle of the Sun” og “Wet Soaking Wet”. Av ein eller anna grunn får eg litt Gallows-vibber her, men eg veit ikkje kvifor. Eg hugsar når sistnemnte kom ut som singel før plateslepp. Det var ville greier, og det var godt å høyre at Shevils var tilbake. Det er liksom ikkje ein fullverdig norsk undergrunn utan dei. Ellers er det “It Never Ends”. Steike ta for ei “tøffare enn toget låt” det der er! Om du trenger å bygge opp mot til å gjere noko vanskeleg eller berre køyre deg sjølv opp så er det denne låta du skal høyre på. Ellers er det eit vakkert (!!) parti i “Idiot task Force” som du nesten må oppdaga sjølv.

Shevils leverer ein pakke her som alt i alt sparker rumpe så det held. Utanom litt klein koring her og der så er dette ei plate eg tek med meg vidare. Det eg diggar mest er utan tvil vokalen, spesielt når den tek all den plassen den fortjener. Det er så feitt når ein nesten kan høyre at stemma sprekk!

Shevils har den effekten på meg at dei skiller seg ut frå mykje anna i same sjangerområde, men at dei på same tid har verkemiddel i låtane sine som gir meg den der klassiske hardcorepunk-kjensla. Med ein coverart som minnar om ein sillsint versjon av Gorillaz og eit eksperimenterande men solid lydbilete er Miracle of the Sun akkurat det du trenger.

8/10 TRYNER!


Patrick Fardal