Leiaren: Åra som ikkje forsvann

I skrivande stund går me no inn i det tredje året med pandemi. Når Noreg stengte ned i 2020 stoppa Evig Lyttar opp i ein lang periode - av ulike, personlege grunnar. Det er først no dei siste månadane at eg har klart å grava fram motivasjonen og lysta til å ta opp att tråden.

Pandemien var og er vanskeleg for oss alle, men eg argumenterer utan problem for at den har vore ekstra vanskeleg for alle delar av kulturlivet og ikkje minst for den norske undergrunnen. Eg kan sjølvsagt også argumentere for helsepersonell, barnehage- og skuletilsette, men dette er ein nettstad for musikk og kultur, så eg held meg innanfor dei rammene.

Den norske kulturbransjen og musikkscena gjekk frå å ha ein av dei viktigaste rollene i landet - blant mykje anna å skulle gi oss andre ein pust i bakken med knallbra underhaldning og fantastiske konsertopplevingar - til å omlag bli heilt vekke. Rolla var og er like viktig, må vite, men prioriteringane blei heilt forvridde.

Denne artikkelen skal ikkje fokusere på kor utruleg smertefullt det var å sjå at alt me var så glad i og som me hadde behov for forsvann - for det veit dei fleste godt sjølve. Det skal heller ikkje vere ein unnskyldning for at Evig Lyttar stoppa opp, for det var det heilt forståelege grunnar til. Denne artikkelen skal handla om korleis den norske undergrunnen og ildsjeler i kulturlivet vårt kjempa og kjempa for å halda liv i alt. Eg pleier ofte å vere heilt grei med ord - men i denne situasjonen kjem dei nok litt til kort.

Eit eksempel som stikk seg ut er når doom-duoen Golden Core hadde ein livestream på Vaterland gjennom fantastiske Brakkesyke midt oppi alt det usikre og ustabile. Det var ei oppleving eg seint vil gløyme. Det gjekk faktisk an å gå på konsert! Du kunne vippsa bandet og Vaterland gjennom å kjøpa billett, samt få deg ein digital pils eller pizza - eller eit gavekort. Dette hadde ikkje gått an utan alle dei kreative menneska som stod bak ideane og som gjorde det mogleg å gjennomføra slike heftige og krevjande prosjekt. Psykopath hadde også ein knallbra livestream. Sovereign serverte eit fantastisk livesett på Kniven. Okkultokrati, Purple-X køyrte også på. Eg skal ikkje ein gong prøva å nemna alle som spelte live enten i stova, på ein uteplass, på ein søppelfylling, på soverommet eller på ein konsertarena - poenget mitt er at det blei gjort. Alle som hadde eit behov for å gå på konsert, eller berre ein trang til å bryta opp karantenelivet og den frustrerande kvardagen fekk det tilbodet gjennom Brakkesyke, Vierlive, utallige venues, privatpersonar, kulturfolk, lydfolk, lysfolk, kamerateam og tonnevis med andre av desse fantastiske ildsjelene me har i dette landet. Eg har som sagt ikkje ord for kor viktig alle de har vore for oss. Så tusen takk.

I pandemiens lange løp har artistar og band ofte mista moglegheita til å turnere med nytt materiale. Dette er ein uhorveleg viktig del av det å vere eit band. Når noko så stort og sentralt blir vekke skulle ein tru at det tok knekken på dei fleste kreative og speleglade menneske. Eg skal ikkje gå utifrå noko som helst her, for eg kan berre tenkja meg kor utruleg vanskeleg det har vore og til dels framleis er, men dette ser ikkje ut til å ha spelt inn negativt på det som har kome ut dei siste åra. Dette er eit anna poeng med den norske musikkscena - på tross av motgang, nedstenging og opprivande kutt i levebrødet til folk så har den eine botnsolide plata blitt følgd av den andre, tredje, fjerde, femte og så vidare.

Daufødt slapp sin Spellemannvinnande debut 1000 Island. Okkultokrati gjorde det same med La Ilden Lyse. Slomosa har verkeleg kjempa seg opp og fram i pandemien og står sterkare enn nokon sinne. Jabba slapp den dødsfeite plata Cool. COMBOS og GBZ kom med sine råfeite fullengdarar. Eg veit jo ikkje om alle platene eg nevner i skrivande stund kom før eller etter nedstenginga, men eg håpar at du forstår poenget mitt - uavhengig av tidspunkt så ser det ikkje ut som at restriksjonar og pandemi har brote ned produksjonskvaliteten.

Duvel kom med den råaste andreplata eg veit om, Death By Unga Bunga slapp Heavy Male Insecurity, som etter mi meining står på toppen av fjellet i bandets diskografi. Vestindien, Rongeur, Nekromantheon og Darkthrone slapp 4 av dei hardaste og mest brutale platene i 2021. Om ikkje Kanaan allereie var legendariske før Earthbound såg dagens lys så er dei det hvertfall no. Hudkreft og Purple-X har gitt deg akkurat det du trengte av syrleg og kraftfull punk i nostalgiens teikn. Utallige band har kome ut med fantastiske verk som står som bautaer, og ikkje minst som er eit testamente på at den norske undergrunnen ikkje let seg knekka.

Poenget mitt burde vere klinkande klart. Det har vore, og det er ein utruleg bra kvalitet på det som kjem frå Noreg. Dette har ikkje forandra seg. Mange av oss har fått store mengder med konsertopplevingar og andre livsviktige ting som held oss oppe, sjølv om det ofte har vore heime i stova. Det kan me takka musikkfolka, kulturfolka og alle dei som aldri kunne tenkje seg at eit alternativ var å gi opp for. Me kan takka alle Noregs konsertscener som på tross av slag etter slag rett i fleisen har klart å stabla seg opp att for å kunne ha eit tilbod på kort varsel, eller å måtte stenge ned på endå kortare varsel for så å måtte stå i det omlag utan støtte. Desse menneska har ofte jobba under umenneskelege forhold i pandemien.

Eg vil også heidra alle dei spelestadene og uteplassane som ikkje har overlevd denne perioden. Desse plassane etterlater seg eit stort hol som ikkje kan fyllast. Me er mange som vil takka dykk for alt de har gjort for oss.

Tusen takk til alle dykk der ute som har kjempa, og som framleis kjempar. Tusen takk til alle band, konsertscener, barar, studio, øvingslokalar, lydfolk, lysfolk, kamerafolk, bransjefolk, skribentar, labels, platesjapper og alle de andre som har spelt inn på at den norske musikkscena ikkje har knekt. Utan dykk ville kvardagen vår vore mykje mørkare enn den var, og utan dykk ville det ikkje sett spesielt lyst ut i framtida heller.

Patrick