Thea & The Wild - Deadheading

Foto: Magdalena Malinowska

Fysisk Format

Kvardagane mine er hektiske for tida. Det er krevande å finna tid til å berre setta seg ned for å jobba med Evig Lyttar-greier. Laurdagsmåroane mine har blitt hellige - eg står opp rundt 07 og set meg ned for å gå gjennom mail, fiksa spelelister og skriva om det eg finn ut at eg set pris på. Sånn har det blitt. Då set eg endå større pris på plater som Thea & The Wild - Deadheading. For eit band dette er, folkens. For ein artist! Tenk å kunne starta laurdagen sin med dette.

I dag vakna eg med eit ynskje om å finna fram noko som gir ro i sjela di, kjære lesar. Deadheading kom servert på eit gullfat! Dette er rock, countrygaze og natur-indie - med andre ord alt du treng for å lena deg tilbake og berre nyta.

Mange av dykk har allereie høyrt åpningssporet “Poisoned Apple” - denne kom som ein singel for ei tid tilbake. Nydeleg gitar, eit svevande, fridomsskapande lydbilete og ein utruleg vakker vokal som treff deg rett i hjartet. Låta gir meg lyst til å springa rundt kliss naken på ei eng langt der inne i skauen, gjerne ved eit tjern eg kan kasta meg ut i når kveldssola kjem. Heilt strålande!

Thea & The Wild har ein rå evne til å gi deg låtar som kanskje ikkje ligg i same lydlandskap, men som likevel har den digge Thea & The Wild-vibben som ein raud tråd på det heile. “Stay Here My Heart” er ei låt som ikkje akkurat osar country, men som gir meg noko heilt anna. Det er nesten litt sånn powerpop/postpunk-greier. Dette elskar eg! Det refrenget du høyrer her er heilt i toppen! Det fangar meg på ein heilt nydeleg måte. Fengande, up-beat og botnsolid.

“Misery Mountain” sender deg rett vidare til det litt meir skjøre og sårbare. Dette er litt meir ballade-greier. Her får du verkeleg servert den countrygazen som er så fin. Svevande gitar, deilige effektar og ein endå vakrare vokal. Det er utruleg tøft korleis Thea Glenton Raknes klarar å tilpassa stemma si til den enkelte låta!

Den siste låta eg skal nemna for deg er “Take Me Back”. Noko meir kraftig finn du sjeldan. Dette er den vakraste låta på plata. Misforstå meg rett, du finn utruleg mange vakre låtar på denne plata, men den eg preiker om no er i ein heilt eigen klasse. For ei stemning! Den nydelege country-twangen ligg langt baki der mens trommene stødig driv låta framover. “Oh, take me back to when I was a child, holding my breath, diving deep, running wild”. Finare blir det rett og slett ikkje. Og nei, eg hadde ikkje fått med meg dette refrenget før eg skreiv om å springa på ei eng og bada i eit tjern - det berre passa heilt forbaska perfekt. Eg blir mållaus!

I Deadheading har Thea & The Wild funne den perfekte balanse mellom sårt og sjelefred, rockete og tøft. Kvar einaste låt har sin eigen greie og sitt eige univers, men alle er knytt godt fast med ein raud tråd. Denne plata må du berre få med deg.

Patrick Fardal