Takomaha EP

Dagens anbefaling er den nokså ferske gruppa Takomaha. Dei seier dette om seg sjølv:

Trekk pusten og fullt fokus nå, for denne her gir ikke ved dørene. Oslo-baserte
Takomaha maler en bred pensel og holder ikke tilbake på den oljete svartmalingen
når de kverner ut hva som kun kan omtales som Nordisk Noir.

Foto: Endre Lohne

Nordisk Noir er eigentleg ganske treffande. Bandet gir uttrykk for ein intens frustrasjon, og kvart einaste riff er prega av eit skikkeleg sinne. Samtidig er det ganske forløysande å høyra på, nesten katartisk. Låta “Hatechants” er til dømes gjennomsyra av ein seig, giftig atmosfære som grip eit godt tak i lyttaren. Vokalen er plassert akkurat slik at den ligg og hyler rett over alt anna. Det blir atonalt og nokre gonger grusomt, men det er jo det som er meininga. Du skal liksom ikkje nyta dette. Er det ein saksofon eg høyrer baki der? Er det ein gitar? Eg veit faktisk ikkje, men det er heimsøkande og skikkeleg stemningsfullt.

Denne sjølvtitulerte EPen inneheld i følgje bandet 6 låtar i ein “konstant pandemisk gneldring”. Ein betre promosetning blir vanskeleg å finna. “An Introverts Guide To Success” er ei til låt eg må trekke fram. Denne har eit heilt spesielt driv i seg som tvingar lyttaren til å bli med inn i desperasjonen bandet oppheld seg i.

“Nimmer” er eit totalt avbrekk i det heile. Denne låta er avslappande så det held. Ganske eksperimentell og ein smule 2000-talls-aktig, utan at eg klarar å sette ord på det, men eg trur den kunne vore soundtracken etter ein Matrix-film eller noko. Det tek seg opp då, frå ei roleg industriell greie til ein skikkeleg fengande, hardcore-aktig sådan, dog miksa med ein solid dose synthwave og rave?! Eigentleg litt kult, om du spør meg.

Altså, uansett kva du likar så trur eg du vil sette pris på den reisa Takomaha tek deg med på. Det er til tider ganske brutal riffing, noko som eg veit at mange av lesarane våre likar. Samtidig er det utfordrande - det er liksom ikkje eit fastsatt mønster dette bandet følger. Plutseleg får du rave-greier direkte i trynet. Få på deg nokre Glowsticks og kast deg inn i den pandemiske frustrasjonen og gneldringa saman med bandet. Få ut litt aggresjon, det treng du!

Ellers kan det seiast at den sjølvtitulerte EPen er produsert og miksa av Milton Von Krogh (Pirate Love, Årabrot, Skalla, Gerilja) og mastra av Nick Terry (serena Maneesh, 120 Days, The Libertines og Kvelertak).


Patrick Fardal