Witch Fever - I Saw You Dancing

Foto: Derek Bremner

Jaja, folkens. Då har eg fått servert den seigaste og tøffaste låta eg har høyrt på lang tid. Nokre gonger så dukkar det opp greier frå det store utland som berre må skrivast om. Sjølv om eg eigentleg har eit sterkt behov for å skrika om det rett opp i trynet ditt. Men du er der og eg er her, så.

Det er berre ei enkelt låt eg skal skriva om her, men den vil introdusere deg til eit beintøft og dritbra univers frå eit ufatteleg kult band med base i Manchester, UK - Witch Fever. Dei ligg etter alt å døme i punk og grunge, men på “I Saw You Dancing” får du servert ein solid dose tung, strålande doom godt miksa saman med det andre. Den bassen i starten gir deg ein peikepinn på kva eg snakkar om. Riffet som dukkar opp litt etterpå gjer det endå tydelegare. Dette er så seigt, så seigt! Det er så hinsides rått. Eg klarar ikkje sitta stille med overkroppen når eg sit her og skriv. Eg havnar nesten i ein form for transe - det gjer sikkert du også.

Uansett - riffet er kult, bassen er feit og trommene er råsterke. Men vokalen, kjære deg. Vokalen er noko heilt for seg sjølv. Den skjærer gjennom jern. Den kuttar som ein kniv i lufta. Den spyttar syre rett inn i hjernen din gjennom øyrene dine. Låta handlar i følgje bandet om vokalisten sine erfaringar med å føla seg beglodd av eldre menn når ho vaks opp i eit karismatisk kyrkjemiljø. Ekle greier. Det er eit ubehag i låta som er viktig å føla på.

Eg elskar denne låta, og eg skal definitivt kasta meg djupare inn i det denne gjengen driv med. Det burde du også!

Patrick Fardal