Konvent - Call Down the Sun

Napalm Records

Foto: Sebastian Apel

Når eg først fekk tak i Konvent hadde dei nettopp kome ut med debuten sin Puritan Masochism. Eg elska den plata – sånn heilt alvorleg. For meg var det som å oppdaga doom på ein heilt anna måte. Doom med kjensler og eit bodskap om ein intens, urokkeleg verkelegheit som eg berre måtte møta i kvitauget. Ikkje i mine villaste fantasiar trudde eg at dei kom til å toppa det med den heftig vanskelege andreplata. Fy søren som eg tok feil!

Allereie i introen av første låta «Into the Distance» får du ei kjensle av kva som venter. Dommedagsklokkene hyler og du blir ført inn i den mektige verda Konvent har skapa. La meg berre sei det rett ut – Rikke Emilie List sin vokal har blitt uhorveleg mykje betre, råare, styggare og meir fantastisk sidan sist – her er det kvesing frå helvetes djupaste hjørne. Eg må få lov til å sei at det er den mest kraftfulle og intense skrikinga eg nokon sinne har høyrt. Dette er så grufullt at det blir full gåsehud over heile kroppen. Aldri har ein vokal hatt så stor innverknad på meg – dette er primale skrik frå eit mektig urmenneske.

Vokalen blir støtta opp av instrument med ein utruleg bra driv. Gitarriffa er som nokre velplasserte slag i både mellomgolv og hovud og trommene fungerer som den aller siste spikaren i kista – berre med meir raffe og taktfulle slag enn kyrkjehammaren. Gi meg styrke så feitt dette er – med temposkiftet, bytinga mellom skrik og growl – det er vanskeleg å finna ord.

Som lyttar er du i konstant fare når du høyrer på denne plata. Alt og alle er ute etter å ta deg – men Konvent hjelp deg til å koma trygt fram. Det heile kjennast ut som ei jakt på liv og død. «Sand Is King» er ein av dei styggaste låtane du vil høyre – i beste meining. Her er det full og ubetinga fres. Eg sit med eit uttrykk i trynet som ikkje vil gi seg – ei grimase må berre til her. Seigt, kjapt, brutalt og udiskutabelt rått. Doom og dødsmetall i ein harmoni du ikkje har høyrt frå før!

«In the Soot» gir meg ei litt slik folke-kjensle. Nesten som om me er tilbake på 1800-talet og sit rundt bålet mens me får servert forteljingar om troll, skrømt og alt det skumle som finst i mørkret. Dette er ei melankolsk låt, men utruleg vakker på same tid. Det er ei kjensle av å ha mista nokon her. Som alltid gir vokalen låta ein heilt anna dimensjon, saman med temposkiftet og dei riffa som ikkje viser sympati for nokon eller noko – her har Konvent har all makt.

«Grains» og «Pipe Dreams» er to låtar Konvent-fans kjenner til allereie – desse har kome ut som singlar i forkant. Begge låtane var med på å gi ein botnsolid og forferdeleg forsmak på kva me hadde i vente, både når det gjeld utviklinga av vokalen, men også resten av lydbilete. Dette er eit meir bestemt band, eit meir utvikla univers som treff akkurat der det skal. Me får nokre kjappe blikk inn i svartmetallen si verd før me blir drege rett tilbake til der Konvent vil ha oss- i sine eigne klør. «Grains» gir deg eit råfint og seigt parti som du berre må nyta, etterfølgd av ein av dei råaste vokallinjene på plata utført på dansk (resten er engelsk). Her må det seiast at eg har gått litt inn i tekstlinjene og felt nokre tårer- for ikkje berre er musikken mektig her, men teksten også;

Du siger til dig selv: Fri mig vel for livet, for det tæsker mig ihjel, så hvad tar’ jeg for givet? Al glæde har du dræbt i det liv, som du har skabt

Utan å gå inn i tematikk og tyding her, må det berre seiast at den teksten blanda med vokalen blir om til noko av det beste eg nokon sinne har høyrt. For ikkje å snakka om linja «Eyes on the horizon, I stand right where I fell» - Du får til alt du vil. Inspirerande!

«Fatamorgana» gir deg ein innføring i ofring og korleis du og heksesirkelen din kan chante dykk gjennom ein bekmørk sabbat langt inne i skogen.

Trommene er på sitt beste i «Never Rest». Det same med riffa, eigentleg. Dette er beint fram tøft  og skikkeleg tungt. Du står heilt fast utan ein sjanse til å bevega deg – naturleg nok kan me sei at dette er den seigaste låta på plata. Konvent avsluttar det heile med den meir melodiske, fine og snillare låta «Harena» - her finn du strykeinstrument i tillegg.

For ei ferd dette har vore. Dette er ei brutalt bra plate! Eg har definitivt sagt nok no – berre høyr sjølv.

10/10 TRYNER!

Patrick Fardal