Last Lightning – Porten (1.3.2021, Norwegian Dark Arts)

(1.3.2021, Norwegian Dark Arts)

Sist gong eg omtala Last Lightning her var eg ikkje frykteleg imponert, men svartmetallkvartetten frå Ås er heldigvis attende på scena med eit langt meir reindyrka og heilstøypt svartmetallprodukt enn førre EP. Fullengdaren Porten er ei jamn, ruvande og dunkel svartmetallaffære som – på sitt beste – er heilt på høgda med Taake, Djevel og anna tilsvarande mørkemusikk. Om du veit å setje pris på ukomplisert, beinhard og moderne svartmetall er Porten utan tvil noko for deg. 

I fall du framleis er i tvil om dette er noko for det, så kjem her nokre ord om eit utval av kva plata inneheld: Førstelåta, Fjellets Mørke Toner, er i høg grad representativ for rett-fram svartmetallen som ligg i botn hjå Last Lightning. Og på rekordtid har den låta blitt ein go-to-låt når eg vil balsamere hovud og sinn med ein ljomande storm av svartmetall. Det same gjelder for andrelåta Afterlife, som jamt over er knallfeit og sender tankane beint til sognametall. Eg er utruleg svak for band som inkluderer ride-cymbal og dobbel basstromme i riffinga, og såleis gjer tromminga til berande element i musikken og ikkje berre halvmotivert tempokrydder. Afterlife er eitt strålande døme på korleis ein kan gjere det. 

Ein finn framleis spor av dei leikne og mindre stringente elementa som gjorde EP’en frå 2019 til ein rotete affære, men på Porten er dei elementa bra integrert i låtane og skapar ikkje friksjon på same måte. Låta Helvete byr på meir melodi og shredding (!) mot slutten, og ikkje minst noko av det beste homo sapiens nokosinne har kokt i hop: Ein dundrande crescendo-outro med galopperande ride-cymbal. Herre djevel, det er bra! Thunder køyrer eit enkelt repeterande riff, slik eit torevêr som luskar i fjella bortafor. Men stormen kjem aldri heilt tett på, på same vis har Tjernet har nokre overgangar som ikkje flyter heilt på nivå med dei første låtane på plata. Og på eit album som legg hardt ut med tema og låttitlar saknar eg nokre gonger at bandet går all-in med all den galne svartmetallkrafta Last Lightning har i seg, for når dei gjer det, er dei verkeleg i sitt ess. Vokalen er utruleg imponerande og heile bandet syner seg som ein potensiell framtidig hjørnestein i norsk svartmetall.    

Resten av plata har eg høyrt eit halvt dusin gonger, og eg kjem ikkje til å gå lei med det første. Få det på! 

8/10 tryner!

Marius H.D. Salvesen