1234! - Power and Speed

Eimund (trommer) og Andreas (bass, vokal)

Me har alle eit stort behov for litt steintøff og skamlaust fengjande rock. 1234! serverer akkurat det med sin sterke debut Power and Speed som kom ut for kort tid sidan gjennom DIY-labelen Tonehjulet Kräftpest.

1234! er ein bass&drum duo som speler høgt, hardt og skittent. Enkel oppskrift, men fy søren så kraftig det blir når dei trår til. Eimund og Andreas speler saman i Warp Riders også, men til saman har dei også fartstid i band som De Marvells, Wet Dreams og Squareheads.

Power and Speed er spelt inn live i Athletic Sound i Halden.

Eg tullar ikkje når eg seier at du blir litt tøffare, litt modigare og litt meir “gi faen” når du høyrer på 1234!. Rockefaktoren er høg og knyttneven beveger seg raskt. Dette er ei plate som tyter over av feite, gromme basslinjer, kraftfulle trommer og tøff, skitten vokal. Meir treng du ikkje eigentleg ikkje. Plata er også som nemnt spelt inn live - dette er utelukkande positivt. Det er omlag som om du står i rommet mens denne duoen river ned veggane rundt deg. Får du moglegheita må du berre få sett dette live - dei er klare for konsertar.

Favorittlåtar: Mysterious Face, 69 Charger, The Void, TBC & Norwegian Dream

Kjøp plata og skaff deg konsertbillettar - 1234! treng hjelp til å betala krita på lokalpøbben sin.

Patrick Fardal