Rotten Mind - Unflavored

Lövely Records

Foto: Gustav Oscarsson

Det er få ting som slår å oppdaga ny musikk på ein laurdags føremiddag. Spesielt bra blir det jo når det du høyrer er dritrått.

Rotten Mind kjem frå Sverige (det høyrer du eigentleg ganske så lett) og speler ein slags miks av rett-fram punk, post-punk, dark wave og garasjerock. Dette er altså rett oppi mi gate. Det er mørkt, men med ein solid zing og snert her og der. Orkesteret slapp sjølvsagt ei plate for skikkeleg kort tid sidan, kalla Unflavored. Dette var mitt første møte med musikken deira og eg må berre dela det med deg, for her er söta bror inne på noko heilt strålande.

Det heile sparkast i gong med eit skikkeleg snasent driv i låta “Inflammable”. Dette er som om Hurula gjekk tilbake til å vere Masshysteri! Låta i seg sjølv er kanonbra, men referenget er skikkeleg nostalgisk av ein eller anna grunn. Alt klaffar. I “Serpents Eyes” får du ein smak av dark waven og post-punken. Mørkt, skurrete og ordentleg heimsøkande, eller haunting om du vil.

Trommene i introen av “(I Ain’t) One to Talk To” sender meg direkte tilbake til Joy Division og den ekstremt legendariske trommelyden Martin Hannett trylla fram frå hatten på Unknown Pleasures. Rett og slett utruleg befriande å høyra noko slikt i ny drakt.

Tittelsporet på plata er den seige og tøffe låta “Unflavored”. Her får eg litt kjensler av at Teksti-TV 666 har møtt ein botnsolid powerballade og gjort magiske, dog skitne ting på eit røft hotellrom. Rifforama!

Plata avsluttast med låta “Filled With Poison”. Dette kan vel seiast å vere den mest episke låta. Her kjenner eg veldig på den mørke delen av universet bandet har skapa. Lydbilete her er heftig og avslutninga er vakker.

Det stemmer heilt at Rotten Mind har teke fleire nydelege sjangrar og gjort det om til sin eigen blanding. Alternativ punk med ein mørk ettersmak. Her får du gitarar og stemning frå band som Masshysteri, Hurula og Vånna Inget, trommer og bass frå post-punkens gudfedre og den alltid så sterke svenske toppen på kransekaka. Heilt alvorleg - desse sjangrane gjer svenskane utruleg, utruleg bra. Vokalen ligg akkurat der den skal - ikkje for mørk og ikkje for lys eller altoppslukande. Her får heilt lydbilete lufta og leika seg - heile puslespelet settast saman på ein knallgod måte.

Men mest av alt høyres Rotten Mind ut som, ja nettopp - Rotten Mind. Eg diggar det. Sjekk det ut!

Patrick Fardal