Dårli Te Beins - Sku ha vørre

Dårli Te Beins er eit nordnorsk indierockband basert i Trondheim. Trioen består av multiinstrumentalist, låtskrivar og produsent Ole Spangrud og gitaristane Tony Gonzalez og Mathias Østrem. Bandet slapp sin sjølvtitulerte debut i 2017.

Sjølv seier Dåli Te Beins at dei badar i 90-talsnostalgi med inspirasjonar frå band som Dinosaur Jr. og Lemonheads. Som gamal og botnsolid Dino-fan blei eg skikkeleg gira når eg las dette, og fekk kjapt blod på tann når eg høyrte den komande singelen “Sku ha vørre”. Det er nesten som om J Mascis har sneke seg til Noreg og lært seg å synga på nordnorsk. Gitarane er lystige, skurrete og flott miksa, og vokalen er akkurat slik den skal vere for å gi oss den nostalgien alle har behov for akkurat no. Soloane treff godt og sommaren kan eigentleg berre koma.

“Sku ha vørre” er frå plata Sekkert greit som kjem ut 22.april. Den blei spelt inn i kjellarstudioet midt oppi pandemien.

Om du nokon gong har satt pris på å kunne lena deg tilbake og nyta litt “slacker-rock” med vrengte gitarar, knallfine soloar og sår vokal så er dette noko for deg. Kast deg på rullebrettet eller gå ein tur nede på stranda i solnedgangen med denne på øyrene, så skal du sjå at alt blir bra.

‘Sku ha vørre’ sammenfatter på en grei måte hvordan resten av albumet høres ut. Ingen av tekstene, verken på denne eller de øvrige låtene på albumet, trenger noen forklaring. De handler om det samme som sikkert 90% av alle andre tekster handler om.

Patrick Fardal