Beachheads - Beachheads II

Det er allereie fem år sidan Beachheads sjarmerte fleire med debutplata si, og hausta lovord for denne både i utlandet og på heimebane. Ei plate eg har vendt tilbake til med jamne mellomrom. Stilen var lett å like, behageleg og drivande. Med powerpop som fellesnemnar utstrålte bandet både kjensleladde kjærleikslåter og ungdommeleg melankoli. Dette er element som endå har sin plass i bandet sin kjerne, sjølv om innpakninga har fått eit løft. 

«Break It Off» er eit innbydande opningsnummer som dreg meg kjapt inn. Med gjennomført koring og fyldig miks får bandet ei meir breibeint utstråling med ein gong. Ein blanding av oppstemte gitarparti og ærleg vokal held koken oppe, slik at dei første tre låtane går slag i slag. I innleiande runde høyrest dette kjent og kjært ut.

Men, her er også nye impulsar å spore hos Beachheads denne gongen, «Nothing» legg vekk det lystige humøret og skil seg frå resten med eit røffare lydbilete. Me bikkar nesten over i punk, støyen boblar opp til overflata. Skitten synth og knust fuzzgitar tvingar seg gjennom på refrenga. Det jagande tempoet og den nesten apatiske vokalen skapar eit slags deilig, engsteleg driv. Det heile står i sterk kontrast til den yndige og nedstrippa «Down South» som kjem like etter. Eit velplassert pust i bakken. Med akustisk gitar og større rom for tekstleg spelerom får bandet endå eit bein å stå på. Det er godt å høyre at bandet satsar litt nytt utan å gå på akkord med seg sjølv. Dette er umiskjenneleg det same bandet som før, men etter kvart som låtane fordøyast merkast dei små endringane. 

Samstundes som det er lagt meir vekt på sjangerbreidde har produksjonen også fått meir merksemd. Det let særs klart, eg diggar at bassgitaren er skikkeleg definert og får nok rom på kvar låt. Også på partia med hardare trommer og fuzzgitar er miksen tydeleg og kraftig. Hovudvokalen held det ekte og kuttar greitt igjennom på dei fleste låtane.  

På mange måtar opplever eg dette som eit naturleg steg for Beachheads, kor bandet syner ei nokså stødig utvikling. Personleg er «Nothing» og «Death Of A Nation» udiskutable høgdepunkt. I andre enden ligg «Live And Let Live», ei låt som fort bleiknar samanlikna med resten. Sjølv om enkle melodiar har sin sjarm vert det for banalt og repetitivt for min del. 

Med livsbeskuande tekstar som kolliderer inn i naiv og melodiøs pop har bandet funne ei oppskrift som funkar. I si heilheit osar plata av varme og luftige arrangement som til tross for tidvis såre tekstar, gjev ei etterlengta kjensle av optimisme. 

7/10 TRYNER 

Jarand Aga Baas