Hersker - Befængt

Eg elskar Bandcamp. Ikkje berre fordi at eg kan støtta band og artistar meir direkte, men fordi eg oppdagar musikk der heile tida som eg ikkje hadde funne ellers. I dag presenterer eg danske Hersker og den blodferske EPen BEFÆNGT.

Hersker er eit einmannsband frå 2015 som blei til ein duo i 2020. Debutplata er spelt inn og kjem ut ein gong i 2022 gjennom Strange Aeons Records, men du kan allereie no ta eit solid steg ned i avgrunnen med EPen BEFÆNGT som kom ut digitalt og på kassett (!!!) gjennom Caligari Records i dag. Kolsvart punk full av alle dei rette vibbene.

BEFÆNGT betyr infisert - og dei 4 låtane inviterer deg inn i eit univers full av smittande angst;

“A pulsing sense of dread permeates the songs. The steady d-beat is interrupted by occasional blast beats that tear at the edge of the compositions.”

Dette kan eg skriva under på. Allereie frå introen på første låt “Betændt” kjenner eg på den botnlause håplausheita bandet inviterer meg inn i. Dette er så svart og primitivt at det omlag er umogleg å ikkje la seg riva med. Dei krever at du lyttar, og dei held deg fast med eit iskaldt jerngrep. Miksen er brutal og det er nokre plassar skikkeleg vondt å høyre på. Samtidig så er det fengande - om du likar band som Dödsrit er dette rett opp di gate.

“Stilstand” er neste låt ut. Denne gjer at eg saknar det å oppdaga denne sjangeren for første gong. Det å få høyra noko slikt for aller første gong - den kjensla av å oppdaga noko så rått og ekte for deretter å stupa med heile sjela mi rett ned i denne bekmørke verda. Eg elskar når eit band har evna til å gi meg ein gratistur ned der utan at eg blir fastlåst, om du fattar. Det er ikkje ofte det skjer, men Hersker har altså ein tur/retur billett til deg. Føl på det!

“Dødtøje” er den låta eg har høyrt mest på. Dette er den mest grusomme og “gi blanke faen”-låta på denne EPen. Her er vokalen på sitt aller beste, riffa røsker tak i kvart einaste fiber av deg, og trommene øydelegg restane. Avslutninga på denne låta er så kald og deilig at eg drøymte meg vekk. Den stemninga der er så fantastisk! Desidert ein favoritt.

Siste låt er “Tilfrosset”. Denne er berre seig, stygg og enormt fantastisk. For ei avslutning!

Bandcamp: https://hersker666.bandcamp.com/

Patrick Fardal