Glomma Pop - Sett Båten På Vannet

Foto: Yngve Aasen

Eg veit ikkje med deg, men eg elskar sommar og sol. Dei siste åra har eg også blitt ganske så frelst av båtlivet, på grunn av kjæresten og svigers. Det å legge seg uti skjæra med noko godt i glaset og deilige tonar frå høgtalaren er noko av det aller beste eg veit. Heller det enn eit hotell i storbyen eller ei fullstappa strand på Kreta.

Eg flytta jo til Fredrikstad for litt sidan, og eg har endeleg fått ei låt servert som passar perfekt til alt det eg preiker om over her.

Glomma Pop er nokre Fredrikstad-folk som rett og slett heiv seg rundt og fekk skreve, spelt inn og gitt ut ei låt rett før sommaren smalt for fullt. Gruppa består av fire kæll, og presenterer seg sjølv slik;

Wilhelm Sørensen (vokal), Nicolai Gregersen (burger, øl og trommer) Magnus Abelsen (bass, vokal, innspilling, mix og generell smartness) og meg Fredrik Gretland som har skrevet låt, tekst og spiller gitar.”

Sjølv seier bandet at “Sett Båten På Vannet” er ei lokalpatriotisk vise. Dette er eg heilt einig i. Som fersk Fredrikstad-kæll kjenner eg meg att i mykje her. Eg har aldri hatt eit så deilig forhold til sommaren som no. Fredrikstad er utruleg vakker på denne tida! Ting tar den tida det tar, det er null pes. Så lenge sola er der og du har godt selskap rundt deg så er alt akkurat slik det skal vere. Berre det å sykle ned til Foten for eit kveldsbad, å gå ut i Øyenkilen for å sjøsette båten eller å berre sette seg ned på brygga i sentrum - det er noko ganske så unikt over det. Det har denne låta klart å fanga!

Eg må jo også sei at du finn sjeldent så hyggelege og joviale folk som her i Fredrikstad.

“Sett båten på vannet, nå kommer jeg hjem” - jepp, det gjer eg. Plis sei at dette ikkje er den einaste låta me får frå denne supergruppa!

Patrick Fardal