Draümar - D'KRIG

CHI, SIG, MARTIN & TÖRD

(Foto: @mathiaslangeru)

Eg blir jo gira. Eg blir jo ufatteleg gira når eg anar fred og ingen fare og dette beistet av ein EP landar i fanget mitt. Det første du tenkjer er jo kanskje Mayhem - Deathcrush, når du ser coveret. Allereie no veit du at dette må jo vere kult. Det andre du tenkjer er at dette er brutalt bra, eigentleg frå første tone på “Heilt Aleine”. Men det er først når riffa verkeleg startar og vokalen dundrar gjennom høgtalarane dine som eit pønkete godstog du veit at dette ikkje er noko du berre kan la deg sjølv gå glipp av.

Vokalen åleine er nok til at du burde skaffa Draümar - D’KRIG i fysisk format. Med ein einaste gong. Riffa, trommene og bassen gjer det heile berre endå klarare. Dette er din personlege moshpit som du kan kasta deg inni når og kor enn du måtte føle behovet. Dette er vaksina di mot frustrasjon og kor jævlig verda er akkurat no. Dette er ein trøyst og ei flukt frå den verkelegheita me alle traskar håplaust rundt i om dagen. Me er alle i same båt - men la Draümar ro litt no. La dei ta årene littegrann. For det treng du.

Coverart: Carlos Velásquez

Bandet består av SIG på bass & vokal. CHI på gitar, TÖRD på gitar og MARTIN på trommer. EPen er spelt inn og miksa av Bjørn Larsen i Blitz Studio i mars 2021. Master av Will Killingsworth.

EPen i seg sjølv er omlag 10 minutt lang, med 6 råfeite spor. Alle låtane slår hardt, og lydbildet er heilt perfekt primitivt og skurrete. Du får kjappe riff kombinert med seigare greier, kraftige trommer og ein vokal som likesågodt kunne ha stått og spytta deg direkte inn i øyret. Seriøst, den stemma er så hinsides bra! Bassen ligg og grommar seg akkurat der den skal.

Dette er den pønkete hardcoren du treng akkurat no, eg lovar.

Du får tak i den på forskjellige plassar, men stikk uansett inn på bandcamp og støtt opp!

Favorittlåtar: “Heilt Aleine” & “Dvale”.

Patrick Fardal