Teppebombe

Sjølv om eg har blitt litt rundare i kantane med åra set eg framleis skikkeleg stor pris på illsint og skurrete punk. Teppebombe er eit band som berre dukka opp i innboksen min på Instagram. Det er så deilig når sånne forferdeleg skitne perler hamnar i fanget mitt! Reine julekvelden.

Eg klarar så absolutt ikkje å høyre teksten på låtane, men det betyr eigentleg ikkje så mykje, for det er sjølve musikken som er det beste her. Vokalen er berre ein grufull topp på ei ellers hinsides møkkete kransekake. Dette er skriking både du og eg har høyrt før, men det funkar.

Det heile sparkast i gong med låta “Nerveskade”, som opplevast som eit kjapt slag i trynet og eit solid spark i ræva. “10 Tusen lik” er meir oppi mi gate, her er det seigare og litt meir kaldt, pluss at introen gir meg rein gåsehud. “Flådd i live” inneheld den beste vokalen - her er det litt meir intenst og litt meir ulikt alt anna av hardcore som me har høyrt frå før. I tillegg er det meir dansbart, om det er lov å sei. Dei som har sett dette bandet live må jo kjenna seg att der, vel?

Det nesten kulaste med heile demoen må jo være saksofonen i slutten, på låta “Allerede død/Uendelig terror”. Skikkeleg stemningsfullt, kaotisk, seigt og så stygt at det blir vakkert.

Sjekk dette ut!

Demoen blei spelt inn av Mats på Nye Oslo Syndsygehospital 21-22. mai i 2022, miksing og saksofon blei gjort av Julle.

Patrick Fardal