Autonomie - No Peace, Only Violence

“På den mørke og deprimerende vestkysten er det en øy, Hundvåg, som huser de unge og sinte 16-18 åringene i by:Larm-klare Autonomie. Der ulmer det noe som fikk gjengen til å skrive en EP med hardcorepunk og ond thrash metal. Tenåringene er godt avlet opp på en saus av The Stupids, Sepultura, Slayer og Exodus. Kast inn litt klassisk britisk hardcore så er du er ganske nær hvordan Autonomie høres ut.” - utdrag frå promoen sendt ut av plateselskapet Fysisk Format.

Gi meg styrke! Gi meg den mest brutale styrken du kan. Det er så ufatteleg, ubeskriveleg herleg når eit band berre knuser til med ein slik EP. Når eg oppdaga Autonomie jobba eg på ein ungdomsklubb i Stavanger - me stelte i stand ein gratiskonsert med eitpar andre band. Det var dritbra då, men det som kom no - det er i ein heilt anna liga.

Knakande deilig og rask thrash over heile linja. Vokalen har berre blitt betre og betre med tida - no er den så ufatteleg kraftig og digg at det einaste eg ser føre meg er ein steik forbanna fyr som ikkje klarar å presse kjenslene ned lengre. Her skal alt ut! Hår på brystet så til dei grader. Slepp du han laus så er det heilt på eigen risiko.

Som med klassisk thrash så maktar Autonomie også å køyre på med nokre litt seigare parti, som dei bør. Alt treng ikkje vere skrudd opp til 11 med full gass heile tida, noko dei såvisst har skjønt. Men dei klassiske, skrikande soloane kjem som perler på ei snor; hadde desse vore kjedelege så hadde det kanskje vore litt i overkant, men dei er så velspelte og solide at det gjer absolutt ingenting.

Den låta som skiller seg så til dei grader ut for meg er “Krigspatriot” - noko meir fengande skal du jaggu leite lenge etter. Treng du å headbange ut alle former for frustrasjon og undertrykte kjensler så er det “Doomsday” og M.T.D” som gjeld - sistnemnte er så inni hampens seig atte hjelp. Det er som ei marslåt!

Lov meg at du sjekkar dette beinharde orkesteret ut om du får sjansen - dei knuser live så vel som på plate. Nyt det!

Dette er grunnen til at Evig Lyttar eksisterer.

Patrick Fardal