SPLIT // BITE – 404 ends 

Eit nytt tilskot til hardcore-miljøet er sjølvsagt glade nyheiter, no kan nemleg SPLIT // BITE frå Bergen skilte med debut-EP. Prosjektet er nokså ferskt, men gjengen bak er deltakande i ei rekke andre samansetningar. Med 404 – ends får bandet plassert hjørnesteinane i soundet sitt, og etablerer eit tungsinna og aggressivt uttrykk!

Frå start er det høg intensitet i alle ledd og den brautande vokalen tek fokus. Det er heilt klart hardcore, men til tider kan eg ane spor av både punk og metalcore i riffinga. Det heile får eit mørkt preg då vokalen bjeffar bra frå seg med ein vondskap i botn. Eg kan ikkje seie att innpakninga er heilt original, men eg nyt likevel råskapen. Eg tykkjer uttrykket for alvor set seg på «Error ends». Her treff bandet på samtlege punkt; minneverdige refreng, brutalt breakdown og interessante tempovariasjonar. Det står att som eit høgdepunkt, noko som sikkert også funkar godt i live-samanheng. Samstundes sett eg pris på at gruppa tør å dykke fleire hakk ned i dissonans og støy. Det held trykket oppe fram mot slutten, og bidreg til større variasjon. 

I sin heilheit er låtlista nokså kompakt og gjev øyrene ein real omgang. Eit godt teikn, men den intensiteten krev også eit avbrekk i etterkant. Eg hadde satt pris på større pusterom mellom slaga, også dersom det vankar ein framtidig fullengdar. Likevel gjev debuten eit positivt inntrykk og viser kva slags krefter bandet arbeider med. 

6/10

Jarand Aga Baas