Pappasaft - Mandag

Pappasaft er jo eit ganske legendarisk band frå den norske punkescena. Live tek dei heilt av! Når eg då fekk ein mail om at dei har laga ei låt som er bekmørk og beinhard, måtte eg berre køyra premiere på den.

Foto: Poyan Emamdost Myhre

Singelen «Mandag» tar to fingre på hverdagens økende hvilepuls og to til mot tinninga. Med panna klemt mot den regntunge ruta på eksistensens buss-for-tog skildres en kvelende følelse av et liv som ikke ble som det skulle. Akkompagnert av et hardcore-inspirert komp kommer Pappasafts hittil mørkeste verk: Som er lyden av å klemme sofaputa mot ansiktet og skrike av full hals.
— Pappasaft

Coverart: Iver Lennartson Noem

Vidare kan vokalist Gard Sviggum Saabye fortelle at låta tek føre seg ein slags nummenhet, der nesten alt ein gjer tilsynelatande er utan mål og meining. Som om den same dagen startar på nytt kvar einaste dag ein vaknar. Blåsvarte mandager fyller heile veka; “se for deg en konstant følelse av å ha holdt pusten under vann litt for lenge. Jeg unner ikke noen å føle seg sånn! Så for de som kjenner seg litt for godt igjen i det - du er ikke aleine.”

Men, det er ikkje berre ein heftig singel Pappasaft kjem med. Dei skal også sleppe plate med tilhøyrande release på Parkteateret den 14.januar! Endelig Elendig heiter den, og er som følgje av at Pappasaft endeleg har sluppe laus sine indre demonar. Men plata er også ein oppfordring til å ta tak i ting - det er mange som har funne vegen ut av faenskapen ved å ta eit hardt blikk både innover og rundt seg, seier Gard; “mye godt har kommet ut av å få den hjelpa man trenger til å finne ut hva man må gjøre. Samtidig er det siste man skal gjøre å feie elendigheten sin under teppet - da er “Mandag” det perfekte soundtracket”.

Albumet Endelig Elendig kjem ut 6. Januar 2023. Låta og plata er miksa av Kjell Thomas Tøssebro Mathisen og mastra av Espen Høydalsvik (Oslo:Fuzz)

Patrick Fardal