AYANAPA - Sjelefred (Låtpremiere)

Coverart: Kristoffer Lundberg

Det er alltid spennande med ny musikk og nye band, spesielt når så mange rå band samlast i ein deilig miks. Bergensbaserte AYANAPA inneheld nemleg medlemmar frå Yuma Sun (sakn!), Ribozyme, Slomosa, Solstorm, Takomaha og Shaman Elephant! Solide greier der, altså.

Bandet blei starta av vokalist Jaran Hereid og gitarist Bjørn Ognøy, eit godt stykke ut i den der pandemien som me alle kjenner så alt for godt. Over ein kaffekopp blei det konstatert at begge sakna å spele svett og energisk rock’n’roll. No, etter alt for lang tid med både låtskriving og demoar er bandet endeleg klare for å visa seg fram for verda. På vegen plukka dei opp Jard Hole på trommer og Bård Kristenson på bass, så no er det berre ein veg å gå - opp og fram!

Første låt ut er “Sjelefred” - ei fengjande rockeperle! Gromme bassriff og den karakteristiske stemma til Jaran Hereid - som eg personleg har sakna i lang tid. Ekstra deilig er det at dialekt står i sentrum! AYANAPA har dette å seie om låta:

“Sjelefred” ble skrevet i oktober og er foreløpig den nyeste låta vår. Når vi planla hvilken låt vi skulle slippe som første livstegn, så hadde vi en helt annen låt planlagt, men når denne låta tok form så skjønte vi fort at dette måtte bli låta som skulle flytte AYANAPA fra øvingslokalet til virkeligheten. Det er ei energibombe av en låt, og vi syns den er rimelig catchy også. Har hørt rykter om at den kan danses til.
— AYANAPA

Bandet står sjølv for innspeling, miks og master.

Meir treng ikkje seiast, møt AYANAPA!

Patrick Fardal